Har du nokon gong delteke i ein demonstrasjon? Dei fleste demonstrasjonar går fredeleg føre seg, men enkelte kan utvikle seg til å bli valdelege. Du har kanskje høyrt om konfliktfylte Sian-demonstrasjonar? I forkant av slike demonstrasjonar må politiet førebu ulike sikkerheitstiltak.
Her kan du lytte til ein podkast med programleiar Andreas Veie-Rosvoll i samtale med Christine Isøy frå Oslo politidistrikt. Temaet for samtalen er konflikthandtering ved demonstrasjonar, og Christine Isøy fortel om vurderingar politiet må gjere før, under og i etterkant av større demonstrasjonar.
God lytteoppleving!
Nedanfor finn du oppgåver knytte til podkasten.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021