Oppgåve 1
Konfliktløysingsprosessen blir gjerne delt inn i fem fasar og er derfor kalla "femtrinnsmodellen". Gjer greie for denne modellen, som du kan lese meir om i den relaterte artikkelen "Konfliktløysingsmetoden – ein femtrinnsmodell".
Oppgåve 2
Nytt femtrinnsmodellen til å beskrive korleis dei to situasjonsskildringane nedanfor kan handterast.
Gå gjerne saman i par og lag rollespel som de viser fram i klassa.
Skildring av to situasjonar med konfliktrisiko
Av omsyn til smittevern under koronapandemien ber ein servicemedarbeidar ein nærgåande person utan munnbind om å ta eit steg tilbake. Vedkomande gir tydeleg uttrykk for å vere ueinig i koronatiltaka, hissar seg veldig opp og kallar servicemedarbeidaren maktsjuk.
Ein vektar finn ein ruspåverka person sovande utanfor inngangen til ein butikk i gågata. Personen har rota veldig rundt seg. Når vektaren vekkjer personen, blir han frykteleg tverr og verkar truande.