Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å førebyggje konfliktar

Ein arbeidskvardag prega av konfliktar vil skape mistrivsel og eit dårlegare arbeidsmiljø. Korleis kan du bidra til å førebyggje konfliktar på jobben eller praksisplassen?
Fem personar som diskuterer rundt eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Diskuter med ein medelev:

  • Kva kan du som servicemedarbeidar gjere for å førebyggje konfliktar?

  • Kvifor er det viktig å førebyggje konfliktar?

  • Kva kjenneteiknar god kommunikasjon, og korleis kan god kommunikasjon førebyggje konfliktar?

Oppgåve 2

Lag ei liste med overskrifta "10 tips for å førebyggje konfliktar".

Oppgåve 3

Drøft påstandane:

  • "Alle servicemedarbeidarar bør delta på kurs for å lære å førebyggje konfliktar."

  • "God kommunikasjon er det viktigaste for å førebyggje konfliktar."

  • "Konflikthandtering er eit leiaransvar."

  • "Å førebyggje og handtere konfliktar og å skape god trivsel og ei kjensle av tilhøyrsel er ikkje berre eit leiaransvar, men eit ansvar alle tilsette må ta."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering