Hopp til innhald

Fagstoff

Konflikthandtering i serviceyrke

Kvifor er kroppsspråket vårt så viktig i konfliktsituasjonar? Korleis kan ein vere mentalt førebudd til konfliktsituasjonar på jobb?
Kvinne som sit mediterande på ein kontorpult, mens to kolleger diskuterer i bakgrunnen. Foto.

Å vere mentalt førebudd

I alle yrke der du jobbar med menneske, kan det oppstå konfliktar. Nokre oppstår plutseleg, mens andre kan utvikle seg over tid. Du kan ikkje vere førebudd på alle situasjonar som kan dukke opp. Men ved å vere mentalt førebudd kan du lettare handtere uventa situasjonar.

Konfliktdemping

Ved å bevare roa, snakke høfleg og vere medviten ditt eige kroppsspråk kan dei fleste konfliktsituasjonar dempast. Partane kan forhandle seg fram til ei løysing sjølv, eller ved at ein tredjeperson meklar.

Nokre arbeidsplassar medfører høgare risiko for konfliktar enn andre, slik at konflikthandtering er ein naturleg del av opplæringa. Enkelte serviceyrke, som vektarar, blir opplærte i konflikthandteringsteknikkar. Fleire bedrifter ser òg nytta i å gi dei tilsette konflikthandteringskurs.

Det finst ulike teknikkar som er nyttige når konflikten først er eit faktum. Alle inneber at du er trent til å lese situasjonar godt, og kan halde deg sakleg og roleg. For å få til dette er det lurt å øve seg.

Tenk over

Sjå for deg at du kjem på jobb ein ettermiddag. Det nærmar seg ei stor prøve på skulen som du er bekymra for, og du har slett ikkje sove nok. Når du kjem på jobb, er kollegaen din allereie stressa og irritabel over arbeidsmengda, og helsar deg på ein ganske uvenleg måte. Kor mentalt klar er du for å ta det med eit smil og avvæpne situasjonen? Korleis kan arbeidsdagen bli litt betre om du handterer situasjonen på ein god måte?

I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar blir opplærte til å handtere konfliktar. Det blir vektlagt kor viktig det er å vere mentalt førebudd, men òg å analysere og eventuelt få snakka gjennom situasjonen i etterkant – sjølvransaking. I tillegg fortel ein medarbeidar i butikk og ein medarbeidar i resepsjon om konfliktsituasjonar i arbeidslivet deira.

Ta gjerne notat undervegs mens du høyrer på podkasten.


Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Konflikthandtering i serviceyrke

I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar får opplæring i å handtere konfliktar. I opplæringa legg ein vekt på kor viktig det er å vere mentalt føre...

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering