Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Metodar for konflikthandtering

Korleis kan vi handtere konfliktar på jobben eller praksisplassen? Konfliktar kan handterast på ulike måtar, og i denne oppgåva skal du reflektere over og øve deg i å bruke ulike metodar for konflikthandtering.
Kort samandrag av videoen

Ein rusa mann kjem gåande mot ein vektar og mistar ein ølboks i bakken. Vektaren ser overraska på mannen og seier: "Går det bra, eller, kompis?" Mannen svarer: "Veit du kva, det skal du drite i, trur eg." Mannen verkar forvirra, og vektaren tek mannen vennleg på armen og seier: "Eg trur kanskje du skal heim og slappe av litt, eg." Den rusa mannen hissar seg opp, kastar seg ned på bakken og roper: "Vald, vald! Skal eg ringje advokaten min, eller? Hæ? No er du ferdig!"

Oppgåve 1

Sjå videoen ovanfor.

  1. Kva synest du om vektaren si handtering av denne situasjonen?

  2. Kva ville du ha gjort vidare om du var vektaren?

Oppgåve 2

I ein konflikthandteringssituasjon kan vi velje ulike metodar.

  1. Forklar kva som blir meint med dei ulike metodane: autoritær, juridisk, demokratisk, forhandling, mekling, terapeutisk og ignorering. Les om metodane i den relaterte artikkelen "Modellar for konflikthandtering".

  2. Kva for metode brukte du i oppgåve 1?

Relatert innhald

Vi kan handtere konfliktar på fleire måtar. Ulike modellar for konflikthandtering kan hjelpe oss med å forstå konfliktane.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering