Hopp til innhald

Seriar

Podkast om konflikthandtering i ulike serviceyrke

Har du opplevd konfliktar på jobb? Konfliktar kan oppstå mellom kollegaer eller involvere kundar. Korleis synest du ein servicemedarbeidar bør opptre i ein konfliktsituasjon?
To kvinner i konflikt på eit kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne podkasten er programleiar Andreas Veie-Rosvoll først i samtale med ein fagopplæringsleiar i Securitas som snakkar om femtrinnsmodellen for konflikthandtering og deler døme på konfliktsituasjonar som ein vektar kan oppleve. Deretter snakkar programleiaren med to servicemedarbeidarar som fortel om ulike konfliktsituasjonar som høvesvis ein butikkmedarbeidar og ein resepsjonsmedarbeidar kan oppleve. Temaet for samtalane er konflikthandtering i ulike serviceyrke.

God lytteoppleving!

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Konflikthandtering i serviceyrke

I podkasten "Konflikthandtering i ulike serviceyrke" fortel Tom Andersen om korleis vektarar får opplæring i å handtere konfliktar. I opplæringa legg ein vekt på kor viktig det er å vere mentalt føre...

0:00
-0:00

Nedanfor finn du oppgåver knytte til podkasten.

Relatert innhald

Når vi har med menneske å gjere, kan vi forvente at det oppstår konfliktar. Som servicemedarbeidar er det nyttig å kunne handtere ein konfliktsituasjon.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering