Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å nytte ulike metodar for konflikthandtering

Korleis kan vi handtere konfliktar på jobben eller praksisplassen? I denne oppgåva skal du mellom anna reflektere over og øve deg i bruk av ulike metodar for konflikthandtering.
To menn i skjorte og slips står delvis skjult bak kvar sin skiljevegg på ein arbeidsplass og dreg i kvar sin ende av eit tau. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Diskuter med ein medelev:

  • Kva for situasjonar kan føre til konfliktar?

  • Kva kan få konfliktar til å eskalere?

  • Kva kan du som servicemedarbeidar gjere for å forhindre at konfliktar oppstår?

  • Kva kan du gjere for at konfliktar ikkje skal eskalere?

Oppgåve 2

Konflikttrappa illustrerer korleis ein konflikt kan eskalere. Les den relaterte artikkelen "Konflikttrappa og konflikthandtering", og beskriv konflikttrappa med eigne ord.

Oppgåve 3

Drøft påstandane:

  • "Alle servicemedarbeidarar bør delta på kurs i konflikthandtering."

  • "Konfliktar kan vere eit gode når dei blir handtert godt."

Oppgåve 4

Sjå videoen nedanfor.

Kort samandrag av videoen

Ein rusa mann kjem gåande mot ein vektar og mistar ein ølboks i bakken. Vektaren ser overraska på mannen og seier: "Går det bra, eller, kompis?" Mannen svarer: "Veit du kva, det skal du drite i, trur eg." Mannen verkar forvirra, og vektaren tek vennleg på armen hans og seier: "Eg trur kanskje du skal heim og slappe av litt, eg." Den rusa mannen hissar seg opp, kastar seg ned på bakken og roper: "Vald, vald! Skal eg ringje advokaten min, eller? Hæ? No er du ferdig!"

  1. Kva synest du om vektarens handtering av denne situasjonen?

  2. Kva ville du ha gjort vidare om du var vektaren?

Oppgåve 5

I ein konflikthandteringssituasjon kan vi velje ulike metodar.

  1. Gjer greie for dei ulike metodane: autoritær, juridisk, demokratisk, forhandling, mekling, terapeutisk og ignorering. Les om metodane i den relaterte artikkelen "Modellar for konflikthandtering".

  2. Kva for metode nytta du i oppgåve 4?

Oppgåve 6

  1. Beskriv minst to konfliktsituasjonar som kan oppstå på jobben eller praksisplassen.

  2. Lag forslag til løysingar på konfliktsituasjonane du har beskrive i oppgåva ovanfor, med utgangspunkt i ulike metodar for konflikthandtering.

Oppgåve 7

Konfliktløysingsprosessen blir gjerne delt inn i fem fasar, derav omgrepet femtrinnsmodellen. Gjer greie for denne modellen, som du kan lese meir om i den relaterte artikkelen "Konfliktløysingsmetoden – ein femtrinnsmodell".

Oppgåve 8

Nytt femtrinnsmodellen for å beskrive korleis dei to situasjonane nedanfor kan handterast.

Gå gjerne saman i par og lag rollespel som de viser fram i klassa.

Skildring av to situasjonar med konfliktrisiko

Av omsyn til smittevern under koronapandemien ber ein servicemedarbeidar ein nærgåande person utan munnbind om å ta eit steg tilbake. Vedkomande gir tydeleg uttrykk for å vere ueinig i koronatiltaka, hissar seg veldig opp og kallar servicemedarbeidaren maktsjuk.

Ein vektar finn ein ruspåverka person sovande utanfor inngangen til ein butikk i gågata. Personen har rota veldig rundt seg. Når vektaren vekkjer personen, blir han frykteleg tverr og verkar truande.

Oppgåve 9

Ved interne konfliktar mellom kollegaer kan vi velje ulike strategiar. Les den relaterte artikkelen "Konfliktar i profesjonelle relasjonar" og drøft følgjande:

  1. I kva for samanhengar kan det vere ein fornuftig strategi å trekkje seg tilbake?

  2. Kvifor er det ikkje alltid lurt å glatte over?

  3. Kva for fordelar kan det ha å inngå kompromiss?

  4. Nemn nokre eksempel der du tenkjer det kan vere naudsynt å bruke tvang.

  5. Har du vore i situasjonar der du har konfrontert kollegaer eller medelevar?

Relatert innhald

Kvifor oppstår konfliktar, og korleis kan vi handtere konfliktar på jobb? Konflikttrappa er ein modell som forklarer korleis ein konflikt kan utvikle seg.

Vi kan handtere konfliktar på fleire måtar. Ulike modellar for konflikthandtering kan hjelpe oss med å forstå konfliktane.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2021

Læringsressursar

Konflikthandtering