Hopp til innhald

Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2)

Drikkevarer

Mat og drikke heng nøye saman. Ein god drikk som passar til maten, kan løfte heile måltidsopplevinga. I dette emnet vil du lære om produksjonsmetodar, bruksområde og tillaging av ulike drikkevarer.

Vin

Vin er ein gammal kulturdrikk framstilt av gjæra druesaft. Det ligg mykje arbeid bak ei flaske vin, heile produksjonsprosessen kan ta frå månader til fleire år. Vin finst i ulike typar, og vi kan derfor klare å kombinere vin med dei fleste matrettar.

Læringsressursar

Vin