Hopp til innhald

Fagstoff

Jordsmonn og klima

Kvaliteten blir best om druestokken veks i skrinn jord (dårleg jordbruksjord) med sand, grus og stein. Dette gir god drenering, og røtene til planten må strekkje seg langt ned i jorda for å få nok vatn og næring. Det er målt røter på 20–40 m.

Når jorda er steinhaldig, vil planten òg ta til seg mineral som påverkar smaken og fargen, for eksempel jern og kopar. Om ein plantar same druetypen i ulik jord, vil ein få forskjellige smaksnyansar på vinen.

Det speler òg inn om det er mykje stein på jordoverflata. For at drua skal bli moden og klare å produsere nok sukker, trengst det varme. Om dagen varmar sola opp steinane som så gir frå seg varme utover kvelden, og sukkermengda aukar.

Klima/mikroklima

Temperaturen er avgjerande for kvar på jordkloden det kan dyrkast druer for vinproduksjon.

Vêr- og temperaturforhold


Vindyrking skjer i den tempererte sona. Det vil seie mellom 30. og 50. breiddegrad på den nordlege halvkula og mellom 30. og 40. på den sørlege. Kjem vi utanfor desse områda, vil det anten vere for varmt eller for kaldt.

No har kanskje nokon høyrt at det blir dyrka vindruer i Vestfold i Noreg, men det er eit unntak der det er heilt spesielle forhold, sjølv om dei nok ikkje er dei gunstigaste. Dette at det finst spesielle vêr- og temperaturforhold i enkelte område, kallar vi mikroklima. Vinar som kjem frå dette området, vil då gjerne få ein særeigen karakter.

Mikroklima


Eit godt eksempel på eit land med mange mikroklima er Italia, som er langt og smalt, med fjell, slake åsar og bratte skråningar ned mot kysten. Dei nordlegaste distrikta ligg ved foten av Alpane og er forholdsvis kjølige. Dei sørlegaste strekkjer seg ut mot Middelhavet der det til tider er ganske varmt. Alt dette gjer at vi finn ein fantastisk variasjon av vinar frå Italia.


Druer som blir dyrka i sørlege område, får meir varme og såleis meir sukker enn druer som blir dyrka i nordlege område. Om du smaker på ei frukt som ikkje er heilt moden, smaker det surt. Det er på grunn av stort innhald av syrer. Etter kvart som modninga skjer, vil syrene gå over til fruktsukker. Det same er tilfellet med druer. Derfor vil vinar frå nordlege område ha meir friskleik, syrer, enn vinar frå sørlege område. Vinar frå godt modne druer vil gjerne få meir fylde og alkoholstyrke.

Balansen mellom fylde, søtleik og syrer er eit viktig element i ein vin, særleg i kvitvin. Det blir gjerne dyrka grøne druer (til kvitvin) i kjøligare område enn der det blir dyrka druer til raudvin. Ein vil ofte òg sjå at raudvin har eit høgare alkoholinnhald enn kvitvin.

Den brattaste vingarden i Europa, i ei skråning ned mot ei elv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vin