Druesortar
I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon av to druesortar: éin kvit og éin raud. Presentasjonen skal du halde for resten av klassen, slik at dei andre elevane lærer om druesortane dine.
Presentasjonen skal innehalde
bilete av druene
smak og lukt på druene
kva vinar druene eignar seg til / blir nytta til å lage
om druene blir nytta til eindruevin eller fleirdruevin
kva land druene blir dyrka i
kva slags klima druene trivst best i
kjenneteikn på druene (farge, tannin, storleik, tjukt/tynt skal)
om druene passar til lagringsvin
Du blir vurdert med karakter. Grunnlaget for vurderinga er presentasjonsteknikk, fagleg innhald og om du har svart på spørsmåla.
Rød | Kvit | |
---|---|---|
Syrah | Sémillon | |
Merlot | Chardonnay | |
Gamay | Gewürztraminer | |
Tempranillo | Riesling | |
Cabernet sauvignon | Chenin blanc | |
Sangiovese | Pinot gris | |
Zinfandel | Alvarinho | |
Nebbiolo | Assyrtiko | |
Pinot noir | Glera | |
Garnacha | Grüner Veltliner | |
Cabernet franc |