Hopp til innhald

Fagstoff

Oransjevin

Sjølv om oransjevin ikkje er noko nytt, er det ein litt ukjend type vin for mange. Her får du ei forklaring på kva dette er.
To glas med oransjevin. Foto.

Kva er oransjevin?

Med oransjevin meiner vi kvitvin laga med utvida kontakt mellom druemost og drueskal, med preg av skalkontakt i form av farge, tannin og/eller aroma.

Når ein lagar kvitvin, blir mosten av grøne druer silt med ein gong utan at mosten har kontakt med skalet og kjernane. Ved produksjon av oransjevin blir òg grøne druer nytta, men vinen er i kontakt
med skalet og kjernane i kortare eller lengre tid på same måte som når ein lagar raudvin.

Dette er litt på same måte som når ein lagar rosévin, der ein nyttar raude druer, men skalkontakten er minimal. Ein kan seie at rosévin er raudvin laga som ein kvitvin, og at oransjevin er kvitvin laga som ein
raudvin.

Smak og farge

Oransjevin har farge som gjerne går mot oransje, djup gul eller rosa. Han kan smake litt som kvitvin, men har ofte utvikla mykje aroma og smak ved lengre skalkontakt. Han er òg gjerne tørr og rund.

Oransjevinar kan vere veldig ulike, det kjem heilt an på stilen vinen er laga i, kva druer som er nytta, og kor lang skalkontakt vinen har hatt. Munnkjensla ved å drikke denne vinen kan ofte vere snerpande.

Oransjevinane har ofte eit stort spenn i aromaene, alt frå blomstrar og frukt til nøtter og krydder. Det gjer at oransjevin gjerne er enklare å kombinere med mat enn andre vinar.

Kjelder

Vinmonopolet. Hva er oransjevin? Henta 15. oktober 2021 frå https://www.vinmonopolet.no/content/lar-om-vin/vinproduksjon/hvitvin/nyheter-oransjevin-oransje-2020

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2021

Læringsressursar

Vin