Hopp til innhald

Råvare, produksjon, sal og service (RM-KOS vg2)

Meny, drikke og sensorikk

Eit godt måltid består av mat og drikke som er nøye sette saman, og der det er ein fin balanse mellom grunnsmakane. I dette emnet vil du lære meir om smak og sensorikk, dei ulike drikkevarene og korleis du komponerer ein meny.

Drikkevarer

Mat og drikke heng nøye saman. Ein god drikk som passar til maten, kan løfte heile måltidsopplevinga. I dette emnet vil du lære om produksjonsmetodar, bruksområde og tillaging av ulike drikkevarer.

Brennevin

Brennevin blir framstilt gjennom destillasjon av ei alkoholhaldig væske. Det kan bli laga på druer, korn, poteter eller frukt. Vi skil mellom naturleg brennevin der produktet har smak av råstoffa det er laga av, og aromatisert brennevin der ein tilset smaksstoff.

Læringsressursar

Brennevin