Hopp til innhald
Fagartikkel

Aromatisert brennevin – akevitt, gin, likør og bitter

Aromatisert brennevin er brennevin som får smak etter dei smaksstoffa som blir tilsette. Her skal vi sjå på akevitt, gin, likør og bitter.

Akevitt

Akevitt blir rekna som nasjonalbrennevin i alle dei skandinaviske landa. Råstoffet kan vere korn eller poteter. I Noreg blir det hovudsakleg nytta poteter. Kornet blir malta som til øl, mens potetene blir kokte under trykk og tilsette enzym, slik at stivelsen blir gjord om til maltsukker. Væska blir gjæra og destillert i kolonneapparat. Spriten blir redusert til 50 prosent og destillert éin gong til med små krydderposar inne i apparatet. Dette gir eit krydderuttrekk som sidan blir blanda med sprit og vatn. Blandinga blir så tappa på flaske eller lagd på fat til modning.

Hovudkrydderet i akevitt må vere karve og/eller dill. Det blir òg nytta ei rekkje andre typar krydder, mellom anna koriander, anis, stjerneanis, paradiskorn og fennikel. Produsentar som har kome til i seinare år, nyttar òg mange urter og plantar som veks i Noreg. Drikkestyrken på akevitt må liggje mellom 37,5 og 60 volumprosent. Dei fleste akevittane ligg mellom 38 og 43 volumprosent alkohol.

Det finst to typar akevitt: brun akevitt og blank taffelakevitt. Den blanke blir ofte opplevd som kraftig krydra, og han kan gjerne serverast noko avkjølt. Annan akevitt bør drikkast ved romtemperatur. Mens svensk og dansk akevitt ofte blir tappa rett på flaske, er det meste av norskprodusert akevitt fatmodna. Fatmodninga kan gi akevitten ein mørkare farge, men det går òg an å farge akevitten med sukkerkulør. I Noreg nyttar ein sukkerkulør i svært beskjeden grad, og som oftast berre for å justere fargen slik at ulike batchar ser like ut.

Til fatmodning nyttar ein i hovudsak eikefat som tidlegare har vore nytta i produksjon av Oloroso-sherry. Fat som har vorte nytta til lagring av madeira, portvin, sauternes, raud- og kvitvin, konjakk eller whisky, blir òg nytta til sluttlagring av akevitt.

Norsk akevitt

Dersom ein akevitt skal kunne kallast norsk akevitt, må han vere produsert i Noreg av potetsprit basert på minimum 95 prosent norske poteter. Vidare må akevitten fatmodnast i minst seks månader viss fata rommar under 1000 liter, og i minst 12 månader viss fata rommar over 1000 liter. Norsk akevitt er ei beskytta nemning innan EØS-området på lik linje med konjakk, champagne og mange andre mat- og drikkevarer.

Linjeakevitt

Linjeakevitten er eit resultat av ei oppdaging ein gjorde tidleg på 1800-talet. Potetsprit var med på ei båtlast som gjekk frå Trondheim til Indonesia. Brennevinet vart ikkje selt og vart med båten tilbake til Trondheim. Etter nærare to år til sjøs hadde det skjedd noko med brennevinet. Det hadde vorte langt rundare i smaken og dermed meir behageleg å drikke. Jørgen B. Lysholm kommersialiserte linjeakevitten nokre tiår seinare, og Lysholm Linie Aquavit er framleis eit av dei mest kjende norske varemerka i utlandet. Brennevinet blir i dag eksportert til ei rekkje land, og Tyskland er den største marknaden.

Gin

Ordet gin er avleidd av det nederlandske ordet genever (einer). Den nederlandske kongen Vilhelm av Oranien tok med seg genever til England, men engelskmennene klarte ikkje å uttale ordet, så dei kalla drikken gin. Gin blir no laga overalt i verda, og det blir nytta mykje ulikt råstoff, mellom anna korn, mais, poteter og druer. Uansett blir væska destillert i kolonneapparat til ein styrke på over 90 prosent. Så blir styrken redusert til 60 prosent, og væska blir destillert i ein pot still saman med smaksstoff. Det viktigaste smaksstoffet er einerbær, men ein nyttar òg koriander, appelsinskal, karve, stjerneanis, kininbork og ei rekkje andre typar krydder og urter.

Det finst tre typar gin: Old Tom, som er litt søtleg (som norske Golden Cock); London Dry, som er tørr (Gordon's Dry, Silver Rock); og Plymouth, som er tørr med ein meir utprega einersmak.

Likør

Likørane oppstod på den tida då ein såg på brennevin som medisin. For å "forbetre" medisinen tilsette ein ulike urter som var kjende for å ha lækjande verknad. Samtidig gav tilsetningane betre smak på dårleg brennevin. Det var ofte munkane i klostera som produserte likørar, sidan det var der ein pleidde sjuke menneske. Seinare starta ein opp kommersiell produksjon av desse drikkane. Dei ulike klostera og firmaa har alle sine hemmelege oppskrifter. Dei fleste originalane har billegare etterlikningar, ofte med nesten like namn og flasker.

Utgangspunktet for likør er rein nøytral sprit frå kolonneapparat. Han blir tilsett uttrekk eller oljer frå urter, frø, frukt eller bær, eller naturlege brennevin med ulike tilsetningar. Vi deler likørane inn i følgjande hovudgrupper:

  • kaffi-/kakaolikørar som blir laga med knuste bønner: Kahlua, Tia Maria
  • enkle urtelikørar: Sankta Sunniva
  • samansette urtelikørar med ei blanding av fleire urter: Benediktiner, St. Hallvard
  • sitruslikørar, som kan vere baserte på berre éi frukt eller ei blanding av fleire frukt- og bærlikørar, og som gjerne blir selde i sterkvinsstyrke: Lapponia Lakka, Marie Brizard Apry, Cherry Heering, Supercassis
  • kremlikørar, som også blir selde i sterkvinsstyrke, og som det har vorte ganske mange av etter at Baileys kom med ein whiskey- og kremlikør
  • andre likørar: Drambuie (whisky), Seve d'or (brandy), Advocaat (egg)

For å trekkje ut smaksstoff til likør blir det nytta fleire metodar:

  • Pressing: Olje blir pressa mekanisk ut av appelsin-/sitronskal.
  • Maserasjon: Fruktkjøt blir lagt på sprit som trekkjer ut smak og farge.
  • Infusjon: Som maserasjon, men ein nyttar oppvarma alkohol.
  • Destillasjon: Smaksstoffet blir destillert saman med sprit.
  • Filtrering: Denne prosessen minner om å trakte kaffi, men med oppvarma sprit.

Bitter

Bitter-drikkane liknar på likørar, men dei er ikkje så søte og kan minne litt om hostesaft. Dei består av diverse urteuttrekk og kan ha ein magejusterande verknad. Døme er Jägermeister, Fernet Branca og Underberg.

Kjelde

Regjeringa. (2020). Beskyttelsen av de geografiske betegnelsene for "norsk akevitt" og "norsk vodka" videreføres i EØS. Nyheter. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/beskyttelsen-av-de-geografiske-betegnelsene-for-norsk-akevitt-og-norsk-vodka-viderfores-i-eos/id2689710/