Hopp til innhald

Fagstoff

Hormon i plantar

Plantehormon bidreg til å regulere fysiologiske prosessar. Dei omset ytre stimuli til indre responsar i planten og fungerer som det indre kommunikasjonssystemet i planten. Plantehormon blir produserte i heile planten – og ikkje i eigne kjertlar, som hos dyr.
Utvikling frå frø til plante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit plantehormon?

Mikroskopbilete av rota til ein lauk. Foto.

Eit plantehormon er eit organisk stoff som finst naturleg i planten, og som sjølv ved låge konsentrasjonar påverkar vekst og utvikling. Plantehormon blir produserte i heile planten, spesielt i vekstsoner (meristem) og i ungt vev som er i utvikling. I motsetnad til hos dyr blir dei ikkje produserte i eigne kjertlar. Plantehormona blir transporterte i leidningsvevet eller frå celle til celle når dei verkar andre stader enn der dei blir produserte.

Prøv ut

Studer ein rotspiss frå til dømes ein laukplante, og sjå om du kan finne vekstsona (meristemet), der det skjer mykje celledeling.

Plukk ut meristem frå skot hos ei potet, og press det lett ned i eit næringsmedium. Følg med, og sjå om det utviklar seg til ein potetplante. Du kan etter kvar tilsetje ulike plantehormon og studere effekten av dei. Jobb sterilt.


Plantehormona koordinerer responsen til planten på ulike stimuli som frost, sterk sol, beiteskade og tørke. Auxin, gibberellin, cytokinin, abscisinsyre og etylen er dei mest kjende plantehormona.

Tabell som viser verknaden av ulike plantehormon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis verkar plantehormon?

Plante produserer auxin, som bind seg til reseptorar på plantecelle (forstørra). Det fører til at plantecella veks. Illustrasjon.

Det er fleire stimuli som påverkar konsentrasjonen og transportretninga til plantehormona. Plantehormona bind seg til reseptorar i målcellene. Denne bindinga aktiverer eller deaktiverer gen og fører dermed til stimulering eller hemming av vekst.

Det same hormonet kan gi ulike effektar avhengig av plante, plantedel og planten sitt utviklingsstadium. Mange plantehormon utløyser dessutan liknande responsar. Hormona verkar ofte saman, og responsen er avhengig av mengdeforholdet mellom stoffa.

Auxin

Ei plantespire med markerte plantehormon, auxin. Ei sol sender strålar mot plantespira, slik at plantehormonet beveger seg mot skuggesida av plantespira. Dette gjer at planten bøyer seg mot sola. Illustrasjon.

Auxin er ei stor og viktig gruppe plantehormon med mange verknader. Dei stimulerer vekst ved å fremje lengdeveksten til cellene og delvis òg celledelinga. Auxin er spesielt kjent for å styre
vekstbevegelsane til plantane mot lyset (fototropisme). Dette kjem av at auxin beveger seg over til skuggesida, slik at skotet veks raskare der.

Auxin er òg viktig for danninga av røter og leidningsvev og dessutan for normal frø- og fruktutvikling.

Prøv ut

Så korn eller mais i potter. Plasser deretter lystette boksar/hetter, til dømes tomme mjølkekartongar, over pottene. Lag hol der lyset kan kome inn, og studer korleis spira veks i forhold til lyskjelda/-kjeldene.

Gibberellin

Cabernet franc-druer frå Saumur-Champigny i Loire-dalen. Foto.

Gibberellin gir auka strekningsvekst av stenglar. Hormonet stimulerer både til celledeling og til at cellene strekkjer seg. Plantesortar med dvergvekst har redusert evne til å produsere hormonet. Gibberellin fremjar òg frøspiring, blomstring og utvikling av frukter utan frø, og det forseinkar aldring og lauvfelling.

Cytokinin

Cytokinin er først og fremst kjende for å stimulere celledeling. Sidan cytokinin òg hemmar aldring, blir det kalla "ungdomshormonet". Hormonet verkar ofte saman med auxin. Cytokinin kan til dømes kontrollere toppskot-dominans ved å fremje vekst av sideknoppar. Til liks med fleire andre hormon fremjar cytokinin danning av frukter utan frø og bryt frøkvile.

Abscisinsyre

Plante frå graskarfamilien i tørr jord. Foto.

Abscisinsyre er eit veksthemmande plantehormon som hovudsakleg verkar ved å hemme dei andre hormona. Abscisinsyre blir danna når planten blir utsett for ulike typar stress, mellom anna tørkestress. Hormonet framkallar frøkvile og knoppkvile, og fremjar derfor ein dvaletilstand i planten ved ugunstige miljøforhold. Abscisinsyre er òg involvert i opning og lukking av spalteopningar. Frø som manglar evna til å lage abscisinsyre, spirer på morplanten (vivipari).

Etylen

Klase med tomatar. Foto.

Etylen blir kalla "aldringshormonet" og fremjar aldring av organ som blad og blomstrar. Det er viktig for fruktmodning og bladfelling, og det hemmar rot- og lengdevekst.

Etylen er, i motsetnad til dei andre plantehormona, ein gass. Dette hormonet kan derfor diffundere gjennom lufta og påverke plantar i nærleiken. Etylen sørgjer for at spirande frø har ein kort og tjukk kimstengel som er tydeleg bøygd i spissen. Dette hjelper frøplanten med å bryte gjennom jorda. Etylen blir òg produsert ved stress og er viktig for planten sin respons på mekanisk skade og sjukdomsangrep.

Plantehormon i foredling, transport og matindustri

Plantehormon blir brukte både i planteforedling, til transport av frukt og grønsaker og i næringsmiddelindustrien, mellom anna for å få frukt og grønsaker til å halde seg lenger.

Tenk gjennom

Kva plantehormon ville du ha brukt for å få ein plante til å

  • vekse tett med mange sideskot?

  • vekse høgt med få sideskot?

Kva hormon ville du ha brukt for å få eit stort parti bananar til å halde seg friske utan å bli overmodne under ein lang transport?

Kva hormon ville du ha brukt for å få grøne tomatar til å bli modne?

Kva skjer viss du plasserer ei skål med modne eple ved sida av ein blomsterbukett?

Kva hormon trur du det finst i det rotstimulerande middelet dei bruker i denne demonstrasjonsfilmen (gjoerdetselv.com)?

Lauvfelling om hausten blir styrt av hormon

Rogn med både raude, gule og grøne blad. Foto.

Det er den korte daglengda som set i gang bladfelling om hausten her i landet, men låg temperatur og tørke kan òg føre til at lauvet blir felt. Klorofyllet bli brote ned før lauvfellinga, slik at haustfargane blir synlege.

Daglengda påverkar hormonbalansen i blada. Når blada eldest, inneheld dei mindre auxin, som hindrar bladfelling. Samtidig vil mengda av det veksthemmande plantehormonet etylen auke. Nedst på bladstilkane finst det eit område med celler som har tynne veggar. Der stimulerer etylen produksjon av enzym som bryt ned celleveggane, slik at bladet fell av.

Kjelder

Aarnes, H. (2021, 2. juli). Plantehormon. I Store norske leksikon. Henta 7. januar 2022 frå https://snl.no/plantehormoner

Aarnes, H. (2020, 11. september). Løvfall. I Store norske leksikon. Henta 7. januar 2022 frå https://snl.no/l%c3%b8vfall

Aarnes. H. (2019, 7. januar). Plantehormoner. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 7. januar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/plfys/plantehormoner/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre Grundt.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Hormonsystemet