Vassløyselege og feittløyselege hormon
Hormon kan delast inn i to typar basert på kjemisk oppbygning:
vassløyselege hormon
feittløyselege hormon
Den kjemiske oppbygninga til hormona påverkar kva eigenskapar dei har, korleis dei blir skilde ut og blir transporterte, og kva type respons dei utløyser i mottakarcella.
Vassløyselege hormon som insulin og tyroksin er polare. Dei kan derfor flyte fritt og transporterast i polare væsker som vevsvæske og blod.
Feittløyselege hormon som kjønnshormon og kortisol er upolare. Dei kan ikkje flyte fritt eller løyse seg i polare væsker som blod og vevsvæske.
Vassløyselege hormon
Den største gruppa hormon i menneskekroppen er peptid- og proteinhormon. Dei har ein polar struktur og er dermed vassløyselege. Denne strukturen gjer at dei ikkje kan passere direkte over cellemembranen. Dei vassløyselege hormona blir produserte og lagra inne i vesiklar i hormonproduserande kjertelceller. Når cellene blir stimulerte av ein nerveimpuls eller eit hormon, vil vesiklane smelte saman med cellemembranane og skilje ut hormona ved eksocytose.
Veksthormon, insulin og tyroksin er døme på vassløyselege hormon.
Feittløyselege hormon
Steroidhormon og feittsyresambindingar har ein upolar struktur og er dermed feittløyselege. Desse kan diffundere gjennom cellemembranar og lèt seg derfor ikkje lagre i vesiklar i cellene. Feittløyselege hormon blir produserte ved behov og forlèt cellene ved diffusjon etter kvart som dei blir produserte. Produksjonen kan både startast og bremsast av hormon frå hypofysen eller av nerveimpulsar.
Døme på feittløyselege hormon er kortisol og kjønnshormona testosteron og østrogen.
Både feittløyselege og vassløyselege hormon blir transporterte via vevsvæske over til blodet.
Vassløyselege hormon løyser seg lett i blodet og blir derfor transporterte i fri form i blod og vevsvæske.
Feittløyselege hormon er lite løyselege i blod og vevsvæske, som er polare løysningar. For å unngå at dei klumpar seg saman, bind dei feittløyselege hormona seg derfor til transportprotein før dei blir transporterte vidare i blodet.
Det finst både spesifikke transportprotein som berre transporterer éin bestemt type hormon, og meir generelle transportprotein som kan transportere fleire typar feittløyselege hormon.
Hormona blir spreidde via blodet til heile kroppen, men verkar berre der dei riktige reseptorane finst. Målcellene har reseptorar som passar perfekt til eit bestemt hormon.
Vassløyselege hormon
Når vassløyselege hormon kjem fram til ei målcelle, bind dei seg til reseptorar på cellemembranen og utløyser ein biologisk respons inne i cella. Det kan til dømes vere å opne/lukke membrankanalar eller å starte ein produksjon.
Feittløyselege hormon
Saman med transportproteina er dei feittløyselege hormona for store til at dei kan passere veggen i blodårene. Dei må derfor frigjerast før dei kan diffundere ut av blodårene og inn i mottakarcellene. Feittløyselege hormon diffunderer gjennom cellemembranen og bind seg til reseptorar inne i cella. Der utløyser dei ein biologisk respons på tilsvarande måte som ved stimuli frå vassløyselege hormon.
Produksjon | Transport | Binding i målcellene | Respons | |
---|---|---|---|---|
Feittløyselege hormon | blir produserte ved behov og frigjorde kontinuerleg når dei blir produserte | ved hjelp av transportmolekyl i vevsvæske og blod | reseptorar inne i cellene | langsam |
Vassløyselege hormon | blir produserte kontinuerleg og lagra i vesiklar som blir frigjorde ved stimuli | blir transporterte fritt i vevsvæske og blod | reseptorar i cellemembranen på målcellene | forholdsvis rask |
Sand, O. et al. (2006). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.