Refleksjonsoppgåver om hormon
Kari har fått påvist høgt stoffskifte (hypertyreose). Sjukdommen er knytt til tyroksin. Forklar henne kva som skjer i kroppen til ein person som har hypertyreose. Bruk internett til å løyse oppgåva.
På biletet ser du ei celle med reseptorar. Ho er omgitt av hormon som ikkje passar som hand i hanske med reseptorane. Vil desse hormona gi ein biologisk respons inne i cella? Grunngi svaret.
Kva er det som gjer at eit hormon utløyser ein biologisk respons i riktig celle?
Forklar korleis vass- og feittløyselege hormon når fram til målceller med riktige reseptorar.
Blodsukkerkonsentrasjonen går ned når det er lenge sidan du har ete. Forklar korleis hormon motverkar denne endringa i blodsukkerkonsentrasjon.
Korleis skjer reguleringa av hormonproduksjonen i kroppen?
Forklar generelt om reguleringsmekanismar.
Beskriv reguleringa av eit bestemt hormon.
P-piller inneheld kunstig østrogen og progesteron.
Korleis skjer utskiljinga av LH og FSH utan påverknad av p-piller?
Korleis trur du p-pillene påverkar tilbakekopling til hypofysen og utskiljing av hormona LH og FSH? Kva konsekvensar får dette for eggløysinga?
Kva for eit/nokre hormon kan beskrivast med orda nedanfor?
Hormonet blir produsert i hjernen, er bygd opp av aminosyrer, blir transportert i fri form og utløyser ein biologisk respons i eggstokkane.
Hormonet får cellene til å lagre glukose som glykogen.
Hormonet får plantar til å vekse mot lyset.
Produksjonen av hormonet blir stimulert av mørke og hemma av dagslys.
Tenk deg at du har kjøpt eit nett med avokadoar som viser seg å vere harde og umodne. Korleis kan du ved hjelp av det du har i huset, sørgje for at avokadoane modnar raskare? Forklar kvifor metoden din verkar.
Bruk den danske appen Hormonsjekk til å skanne strekkoden eller les innhaldsoversikta på nokre av dei kosmetiske produkta du bruker. Kan du finne ut om dei inneheld paraben?
Bruk av produkt som inneheld hormonhermarar, kan få alvorlege konsekvensar for fleire enn dei som bruker dei. Forklar korleis dette kan skje, og nemn døme på uønskte effektar.
Denne oppgåva om kroppsfiksering og doping eignar seg best til arbeid i grupper.
Drøft kva grunnar som kan få enkelte til å velje doping for å betre utsjånad og prestasjonar?
Vel to typar doping. Forklar kva brukarane oppnår, og kva dei risikerer.
Kva trur de kan gjerast for å redusere fokuset på kropp og utsjånad?
I denne oppgåva om hormon og livsstil skal du vurdere kjelder. Du kan jobbe anten åleine eller i gruppe. Viss de er fleire som jobbar saman, kan de studere kvar dykkar kjelde på lista under og drøfte i etterkant. Viss du jobbar åleine, kan du studere éi eller to av kjeldene.
Synest du at denne podkasten/nettsida/bloggen er relevant og nyttig for deg og målgruppa di? Forklar.
Bruk hugselista TONE (truverdig, objektiv, nøyaktig og eigna) for å vurdere om dette er ei god kjelde til informasjon om hormon.
Kva kjelder vil du stole på? Vel blant kjeldene over eller andre kjelder. Forklar kvifor.