Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver til "Plantehormon"

Desse oppgåvene skal hjelpe deg til å få oversikt over dei viktigaste plantehormongruppene og kva slags funksjonar desse kan ha. Du skal òg få ei forståing av korleis kunstig framstilte plantehormon kan bli brukte kommersielt.
Valmue som strekker seg mot sola. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kva for likskapar og forskjellar ser du mellom plantehormona og hormon som blir produserte i menneskekroppen?

Oppgåve 2

På kva slags måte medverkar plantehormonet auxin til vekstrørsler hos plantar?

Oppgåve 3

Rote eple som ligg på bakken. Foto.

Kva har det engelske uttrykket "One bad apple spoils the barrel" med plantehormonet etylen å gjere? Kva har det i denne samanhengen å seie at etylen er ein gass?

Oppgåve 4

Kvifor trur du ei lang rekkje plantehormon blir produserte syntetisk og brukte kommersielt? Har du døme på korleis slike stoff blir brukte?

Oppgåve 5

Kvifor trur du det er så vanskeleg å seie kva slags konkrete effektar eit gitt plantehormon kan ha?

Oppgåve 6

Kan du trekkje fram nokre viktige funksjonar for kvar av dei fem hovudgruppene plantehormon? Vis så nokre døme på korleis nokre av desse verkar saman med andre plantehormon.

Oppgåve 7

Kvifor blir cytokinin og etylen høvesvis kalla ungdoms- og aldringshormon?

Oppgåve 8

Ein hekk som er klipt og trimma. Foto.

Auxin blir danna i skotspissen, og det er kjent at dette hormonet undertrykkjer utviklinga av sideknoppar og sideskot (såkalla apikal dominans). Korleis kan denne kunnskapen bli brukt til å forme buskar og tre?

Oppgåve 9

Kva for eit av desse trea viser tydeleg toppskotdominans (apikal dominans)?

To tre, det eine med toppskotdominans og det andre utan toppskotdominans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 10

Nokre syntetiske auxin påverkar berre veksten til tofrøblada plantar, men ikkje veksten til dyrka einfrøblada plantar, som ulike kornslag. Korleis trur du dette kan bli brukt i korndyrkinga?

Oppgåve 11

Fjerning av visne blomar frå ein plante for å hindre utviklinga av frø og frukt forseinkar aldringsprosessen. Dette er ein teknikk som blir brukt for å forlengje blømingsperioden på prydplantar. Kva slags hormon trur du vi påverkar ved å fjerne visne blomar?

Oppgåve 12

Blad med svarte prikkar etter sopp eller bakteriar. Foto.

Nemninga "stresshormon" blir brukt om plantehormon som hjelper planten å takle ulike utfordringar frå miljøet, som sjukdomsangrep, tørke og liknande. Kjenner du til nokre plantehormon som fortener denne nemninga?

Oppgåve 13

Or feller blada mens dei enno er grøne. Kva trur du kan vere årsaka til at akkurat or kan ta seg råd til denne sløsinga med næringsstoff?

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre Grundt.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Hormonsystemet