Hopp til innhald

Fagstoff

Dine hormon

Kroppen vår produserer ei mengd hormon som på kvar sin måte bidreg til å skape balanse (homeostase) i kroppen. Det er ikkje meininga at du skal kunne alle desse hormona og vite korleis dei verkar, men det kan likevel vere interessant å sjå denne oversikta.
Plansje med hypothalamus, hypofysen og dei hormona som stimulerer ulike organ. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hormonproduksjonen

Den overordna endokrine kjertelen, hypothalamus, produserer fleire typar hormon. Nokre av desse er nevrohormon som blir lagra i baklappen til hypofysen. Andre hormon frå hypothalamus set i gang produksjon av hormon i framlappen til hypofysen.

Denne figuren har du kanskje sett på andre sider, men her kan du sjå kva for nokre hormon som blir skilde ut, og kva dei verkar på.

Skjematisk framstilling av transportaktiviteten mellom hypothalamus og hypofysen. Hypothalamus produserer forskjellige hormon som hemmar eller stimulerer utskiljinga av dei enkelte hypofysehormona. Illustrasjon.

Baklappen til hypofysen består av nervevev og fungerer som ein lagringsplass for hormona og , som blir produserte i hypothalamus. ADH påverkar nyrene slik at vi skil ut mindre vatn. Oksytocin sørgjer mellom anna for at mjølkekjertlane skil ut mjølk, og at livmora trekkjer seg saman ved fødslar. I tillegg blir det skilt ut ved orgasme.

Framlappen består av endokrine celler som produserer og slepper ut hormona , , , , og veksthormon. Dei fire første styrer hormonproduksjonen i høvesvis skjoldbruskkjertelen, binyreborken og kjønnsorgana.

Tabell med korte beskrivingar av hormon for deg som ønskjer ei oversikt med fleire detaljar

Hormon

Skilt ut frå

Målområde

Verknad


ADH – antidiuretisk hormon


danna i hypothalamus, skilt ut frå hypofysen


nyre,
hjarte,
lever

gir meir konsentrert urin ved å auke oppsuginga av vatn i nyrene

blir skilt ut når hypothalamus registrerer auka saltkonsentrasjon i blodet


oksytocin


danna i hypothalamus, skilt ut frå hypofysen


livmor,
mjølkekjertlar

får musklane i livmora til å trekkje seg saman og stimulerer brysta til å skilje ut mjølk

blir skilt ut ved mellom anna fødsel, amming og orgasme

veksthormon

hypofysen


dei fleste organ, spesielt i knoklar

finst i fleire variantar

størst utskiljing i puberteten og hos unge vaksne

verkar på dei fleste organ og vev, spesielt på vekstsonene i knoklane

prolaktin

hypofysen

bryst

stimulerer vekst og modning av mjølkeproduserande kjertlar i brysta hos kvinner

påverkar òg produksjonen av innhald i mjølka


LH – luteiniserande hormon


hypofysen


eggstokkar
testiklar

(hos kvinner:) stimulerer til eggløysing og får den gule lekamen til å skilje ut progesteron

(hos menn:) stimulerer produksjonen av testosteron

FSH – follikkel-stimulerande hormon


hypofysen


eggstokkar
testiklar

gir modning av eggceller og sædceller

ACTH – kortikotropin (adrenokortiko-tropt hormon)


hypofysen


binyreborken

stimulerer vekst og utskiljing av steroid frå binyreborken – spesielt glukokortikoid som kortisol, men også mineralkortikoid og forstadium til kjønnshormon

kortisol (hydrokortison)

binyreborken

celler, musklar, immunforsvar

steroid som bidreg i stressresponsen til kroppen

påverkar immunforsvar, proteinsyntese og cellene sitt opptak av glukose

framkallar "kjemp eller flykt"-respons, mellom anna ved å gi auka energi i musklane

adrenalin og noradrenalin

binyremergen og sympatiske nerveendar

hjarte,
blodårer,
celler

stresshormon som blir regulert av impulsar frå det sympatiske (ikkje-viljestyrte) nervesystemet

gir auka energi og styrke, og klargjer dermed kroppen til kamp: auka hjartefrekvens, auka blodtrykk og prioritering av blodforsyninga til hjarte og musklar, mens resten blir nedprioritert

Binyreborken

Snitt gjennom ei binyre. Illustrasjon.

Hormona frå binyreborken blir kalla kortikosteroid. Dei har fått namnet sitt frå produksjonsstaden (cortex, "bork") og den kjemiske grunnstrukturen .

Utskiljinga blir styrt av frå framlappen til hypofysen. I binyreborken blir det produsert mange livsviktige hormon.

Steroid frå binyreborken
Kjønnshormona testosteron og østrogen. Strukturformel. Illustrasjon.
  • mineralokortikoid, som mellom anna regulerer natriumbalansen

  • glukokortikoid, som verkar på omsetninga av karbohydrat, salt, feitt og protein i kroppen (kortisol), og dessutan verkar betennelsesdempande (kortison blir brukt som medisin mot betennelsar i ledd og musklar)

  • kjønnshormon (små mengder testosteron, østrogen og progesteron)

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2021

Læringsressursar

Hormonsystemet