Samandrag – hormonsystemet - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Samandrag – hormonsystemet

Dette samandraget gir deg oversikt over hovudpunkta i emnet om hormonsystemet.

Hormon og hormonproduksjon

  • Hormon er kjemiske molekyl som fungerer som signalstoff og sørgjer for at cellene kan kommunisere både med kvarandre og med dei ytre omgivnadene.

  • Hormona sørgjer for balanse (homeostase) i tallause prosessar, mellom anna blodsukker, væskebalanse, vekst, pubertet og blodtrykk.

  • Hormona blir produserte i ei celle eller ein kjertel og blir transporterte rundt i blodbana, vevsvæska eller leidningsvevet hos plantar.

  • Hos mennesket blir dei fleste hormon produserte i kjertlar.

  • Eit hormon kan berre utløyse ein respons i celler som har reseptorar for det spesifikke hormonet.

  • Hypothalamus har den overordna kontrollen over hormonproduksjonen og er bindeleddet mellom nerve- og hormonsystemet. Hypothalamus styrer hormonproduksjonen i hypofysen, som er kroppens overordna hormonproduserande kjertel.

  • Vassløyselege hormon som insulin og tyroksin er polare. Dei kan flyte fritt og transporterast i polare væskar som vevsvæske og blod.
    Dei blir produserte kontinuerleg, blir skilde ut ved signal og bind seg til reseptorar på overflata til mottakarcellene.

  • Feittløyselege hormon som kjønnshormon og kortisol er upolare. Dei kan ikkje flyte fritt eller løyse seg i polare væskar som blod og vevsvæske, men må bindast til eit transportprotein.
    Dei blir produserte ved behov, diffunderer gjennom cellemembranar og bind seg til reseptorar inni mottakarcellene.

Regulering av hormon – tilbakekopling

  • Hypothalamus produserer og sender ut nevrohormon som overfører informasjon frå nervesystemet til hormonsystemet.

  • Reguleringa av hormonproduksjonen skjer hovudsakleg gjennom tilbakekopling (feedback). Det er ein mekanisme for sjølvregulering der hormonet regulerer sin eigen produksjon ved at konsentrasjonen i blodet blir registrert.

  • Negativ tilbakekopling: Når auka konsentrasjon av eit hormon i blodet fører til at kjertelen produserer mindre av dette hormonet, kallar vi det negativ tilbakekopling. Dette er den vanlegaste reguleringsmekanismen, og han er svært viktig for å bevare eit stabilt miljø (homeostase) i kroppen.

  • Positiv tilbakekopling: Når auka konsentrasjon av eit hormon i blodet fører til at kjertelen produserer meir av dette hormonet, kallar vi det positiv tilbakekopling.

Livsstil, hormonbalanse og kunstige hormon

Livsstilen kan påverke evna vår til å sikre stabile fysiske og kjemiske forhold i det indre miljøet vårt. Det blir kalla homeostase og gjer oss i stand til å fungere sjølv når dei ytre påkjenningane varierer.

  • Søvn har betydning for mellom anna læring, konsentrasjonsevne, forbrenning og fysisk yteevne. Mangel på søvn kan skade hormonbalansen og gjere oss langt meir utsette for infeksjonar, depresjon og skadar.

  • Hormonet melatonin gjer oss trøytte. Produksjonen av melatonin blir stimulert av mørke og hemma av dagslys, og gir oss ei kjensle av døgnrytme.

  • Stress får binyrene til å skilje ut stresshormona , . Desse hormona aukar prestasjonsevna. Det er nyttig når vi skal prestere mykje på kort tid, eller er utsette for fare, men skadeleg over lang tid (kronisk stress). Over tid svekkjer stresshormona mellom anna immunforsvar, minne og konsentrasjonsevne.

  • Fysisk aktivitet gir betre søvn og fysisk form, men aukar òg utskiljinga av endorfin (hormon med liknande effekt som morfin). Dei verkar smertelindrande og gir ei kjensle av velvære og lykke.

Video: Camilla Øvstebø, Kristin Bøhle / CC BY-NC-ND 4.0

Hormon hos dyr

  • Hormona er ikkje artsspesifikke hos virveldyr, men utløysande faktorar som regulerer hormonproduksjonen og mellom anna påverkar åtferda, varierer frå art til art.

  • Hormon påverkar søvn, vintersøvn og dvale.

Hormon hos virvellause dyr

  • Virvellause dyr har eit endokrint system der nerveceller skil ut nevrohormon. Dei styrer reproduktiv åtferd, reproduksjon, regenerering, metamorfose og fargeendringar.

  • Feromon er organiske molekyl som dyr skil ut til omgivnadene. Feromon finst i urin, sveitte og andre kroppsvæsker, men blir òg skilde ut frå spesielle kjertlar hos mange dyr.

  • Feromona verkar direkte på nervesystemet hos andre individ av same art. Dei er effektive sjølv når dei er svært fortynna, og dei gir ein uvilkårleg reaksjon sjølv om mottakaren ikkje oppfattar lukta og signalet bevisst.

Hormon i plantar

  • Plantehormon blir produserte i heile planten, og ikkje i eigne kjertlar. Det er størst produksjon i vekstsoner (meristem).

  • Plantehormona koordinerer planten sin respons på ulike stimuli som frost, sterk sol, beiteskade og tørke.

Syntetiske hormon og hormonhermarar

Syntetiske hormon er kunstig framstilte hormon. Viss ein hormonproduserande kjertel sviktar, kan medisinar med syntetiske hormon erstatte verknaden av naturlege hormon. Syntetiske hormon blir òg brukte som doping.

Døme:

  • P-piller inneheld syntetiske hormon som mellom anna hemmar eggløysinga.

  • "Barbie-dopet" melanotan skal gjere brukaren brun og slank og dessutan gi auka sexlyst. Dette er farleg og kan gi alvorlege biverknader.

  • Anabole steroid er kunstige variantar av kjønnshormonet testosteron. Dei har vore forbodne lenge, gir alvorlege biverknader og avhengigheit, men blir framleis brukte som dopingmiddel.

Hormonhermarar er kjemiske stoff som har utilsikta verknad på hormonbalansen hos dyr og menneske, og har liknande effekt som naturlege hormon.

  • Slike hormonforstyrrande stoff finst i ulike produkt og som forureining i mat, luft og vatn.

  • Dei fleste hormonhermarar imiterer kvinnelege kjønnshormon (østrogen) og forstyrrar reproduksjonsevna hos dyr og menneske.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Refleksjonsoppgåver om hormon

Desse oppgåvene handlar om dei ulike hormongruppene, korleis produksjonen blir regulert, og korleis livsstilen vår blir påverka av kunstige hormon.

Skrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2022