Hopp til innhald

Fagstoff

Syntetiske hormon og hormonhermarar

Enkelte treng medisinar med tilskot av livsviktige hormon. Andre bruker hormontilskot for å forbetre kropp og utsjånad. Dessverre kan vi utan å vere klar over det få i oss hormonhermarar frå miljøet, gjennom mat eller gjennom kosmetikk. Korleis verkar desse hormona på helsa vår?
Gut som viser musklane sine til ei jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hormon som medisin

Viss ein hormonproduserande kjertel sviktar, slik at hormonbalansen i kroppen blir forstyrra, kan tilførsel av hormon gjennom medisinar rette opp ubalansen. I slike tilfelle kan syntetiske hormon (kunstig framstilte hormon) erstatte verknaden av dei naturlege hormona.

Døme

  • Ved diabetes er det dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen som sviktar.

  • Viss sviktar (Addisons sjukdom), må hormona og erstattast av medisinar.

  • Veksthormon og kjønnshormon kan brukast til å påverke ulike former for avvikande lengdevekst.

Brett med p-piller. Foto.
  • P-piller er eit prevensjonsmiddel som inneheld østrogenliknande og progesteronliknande hormon. Pillene hemmar eggløysinga, gjer livmorhalsen mindre gjennomtrengjeleg for sædceller og gjer livmora mindre mottakeleg for eit befrukta egg.

Kroppsfiksering og bruk av hormon

Når kropp og utsjånad får stor merksemd, fell nokon for freistinga til å ta snarvegar til idealkroppen. Dei som reklamerer for preparat med kunstige hormon, lover mykje. Dessverre er det ikkje alle som kjenner til biverknadene.

Barbie-dop

Eit døme er melanotan (”Barbie-dop”) – eit syntetisk hormon som blir sprøytt inn i kroppen, og som gjer deg brun og slank. Hormonet kan dessutan gi auka sexlyst. Det blir beslaglagt stadig fleire ulovleg importerte postpakker med melanotan, og mottakarane er både unge menn og unge kvinner. Varene blir stort sett bestilte på nettsider som ofte ser ut til å vere norske, men varene kjem frå heile verda med ukjent innhald, produsent og avsendar.

Fagfolk åtvarar sterkt mot injeksjonar av melanotan, som rett og slett er farleg. Det kan gi biverknader som alvorlege infeksjonar og blodforgifting. Vi kjenner ikkje langtidseffekten av dette, men kreftrisikoen aukar i pigmentsceller som blir overstimulerte, og nokre har i ettertid fått ein gråleg tone i huda.

Apetamin og "timeglasfigur" med biverknader

På TikTok og hos fleire influensarar blir det reklamert for Apetamin (sirupsdrikk eller piller), som lover unge jenter den ideelle timeglasfiguren. Middelet inneheld eit antihistamin som fører til at ein legg på seg, men det er ikkje mogleg å bestemme kvar dei ekstra kiloa skal leggje seg. Ekspertar åtvarar på det sterkaste mot dette stoffet, som i verste fall kan vere dødeleg. Biverknader kan vere trøyttleik, uklart syn, kvalme, forstopping og leverskade.

Doping for å bli smartare

Dette blir prøvd ut i ein av episodane i serien Innafor.

Emma prøver "trend-dopet" Modafinil. Ifølgje reklamen skal det gjere henne smartare og meir skjerpa, og det skal vere praktisk talt biverknadsfritt. Ved utanlandske prestisjeuniversitet har bruken av såkalla smart-dop eksplodert, og Noreg kjem etter. Går vi mot ei framtid der ein må dope seg for å bli smartast? Kva med langtidseffektane?

Anabole steroid

Anabole steroid er kunstige variantar av kjønnshormonet testosteron. Dei har vore forbodne i idretten sidan 1975, men blir framleis brukte som dopingmiddel (mest i den uorganiserte idretten).

Anabole steroid i kombinasjon med styrketrening gir auka proteinsyntese, slik at mellom anna muskelmassen og muskelstyrken aukar. Sidan dette kan betre prestasjonane betydeleg i kraftidrettar, kan det vere ein freistande snarveg for dei som ikkje fryktar alvorlege fysiske og psykiske biverknader.

Brukarane opplever avhengigheit fordi dei ikkje lenger produserer testosteron sjølv, og toleranse ved at dei treng stadig større dosar for å få effekt.

Kjende biverknader av anabole steroid
  • hjarteinfarkt og hjerneslag

  • leverskadar

  • endra kjønnskarakter og seksualfunksjon

  • overrivingsskadar i muskel- og seneapparatet

  • salt- og væskeopphoping

  • hårtap

  • kviser

  • aggressiv og valdeleg åtferd

  • depresjon

I denne podkasten om anabole steroid frå NRK Skole kan du høyre om erfaringar frå "Bolebyen Arendal". Frå ca. 14 minutt ut i podkasten fortel ein tidlegare brukar av anabole steroid kva han brukte, og om verknaden då og no. (25:00)

Veksthormon som doping

Det naturlege veksthormonet vårt regulerer lengdevekst og forbrenning. Som dopingmiddel blir det brukt for å auke muskelmasse og forbrenning, men det gir alvorlege biverknader som vekst av hjarte og indre organ, høgt blodtrykk, hjarteinfarkt, væskeopphoping i vev, kreftrisiko, nedsett nervefunksjon og smerter.

Doping med stimulerande hormon

Når nivåa av stresshormona adrenalin og noradrenalin aukar, vil puls, andedrått, blodtrykk og energiproduksjon auke, og ein kjenner seg skjerpa. Biverknadene ved misbruk av stimulerande hormon er alvorlege: aggressiv og valdeleg åtferd, auka risiko for hjarte- og hjerneslag, nyresvikt, forvirring, nervøsitet og psykosar.

Hormonhermarar skader helse, fruktbarheit og miljø

Sidan gav ut boka Silent Spring i 1962, har det vore stadig meir fokus på miljøgifter som forstyrrar hormonbalansen hos levande organismar, skader fertilitet og forstyrrar krinsløp i naturen.

Hormonhermarar er kjemiske stoff som har utilsikta effekt på hormonbalansen hos menneske og dyr. Dei blir kalla hormonhermarar fordi nokre av desse stoffa har ein effekt som minner om naturlege hormon. Hormonforstyrrande stoff finst i ulike produkt og som forureining i mat, luft og vatn.

Døme på produkt som kan innehalde hormonhermarar: måling, plast, tekstilar, leiker, reingjeringsmiddel, kosmetikk, sjampo, prevensjonsmiddel, medisinar og plantevernmiddel.

Tenk gjennom

  • Kvar blir det av tilsetningsstoffa når vi dusjar av oss sminke og hudkrem, og når vi vaskar ein målarpensel?

  • Kva skjer med hormonrestane som er igjen på eit brukt når vi kastar det?

Kjende hormonhermarar blir forbodne

Mange kjemikaliar har blitt utvikla for å lette kvardagen vår eller gi produkt betre eigenskapar. Dessverre har det vist seg at nokre av desse kjemikaliane inneheld hormonhermarar.

Mange tilsetningsstoff har blitt forbodne etter kvart som dei skadelege effektane har blitt dokumenterte. Dei finst likevel framleis i miljøet og inngår i krinsløp der dei kan hope seg opp i næringskjedene.
Forureiningsstyresmaktene jobbar internasjonalt for å redusere bruk, utslepp og eventuelle negative effektar. Nokre stoff blir forbodne eller strengt regulerte fordi dei er hormonforstyrrande for anten menneske eller miljø, eller begge delar.

Pyramide med fem ulike nivå. Nedst: planteplankton. Nest nedst: dyreplankton. Midst: fisk. Nest øvst: sel. Øvst: Isbjørn. Nivåa får gradvis mørkare blåfarge frå botn til topp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Døme på hormonhermarar
Bromerte flammehemmarar
(BFH) har ein nyttig brannhemmande effekt på tekstilar og andre stoff, men viss vi får dei inn i kroppen, kan dei føre til leversvikt og påverke nervesystemet og reproduksjonsevna.
Ftalat
blir hovudsakleg brukte til mjukgjering av plast, men mange ftalat er no forbodne eller i ferd med å bli fasa ut. Det er fordi dei kan skade foster og forplantingsevna, at dei er miljøskadelege, og at dei som støv kan framkalle astma og allergi.
Paraben
blir brukte som konserveringsmiddel i kosmetikk, mat og medisinar fordi dei er lite allergiframkallande samanlikna med andre middel som blir brukte for å hindre bakterie- og soppvekst. På grunn av den hormonhermande effekten er nokre paraben forbodne, mens andre kan brukast i svært avgrensa mengder.
PCB
(polyklorerte bifenyl) har òg ein dokumentert hormonforstyrrande effekt. PCB er forbodne, men kan framleis leke ut frå gamle produkt og hopar seg opp i næringskjedene. Det inneber at rovdyr og menneske, som står øvst i næringskjeda, er mest utsette. Det er funne høge konsentrasjonar av PCB i levra på isbjørnar frå Svalbard.

Verknad på dyr, menneske og miljø

Det vanlegaste er stoff som imiterer kvinnelege kjønnshormon (østrogen). Dei kan skade reproduksjonsevna ved å forstyrre dei naturlege hormona i foster og unge individ hos både dyr og menneske. Østrogenliknande sambindingar kan òg gi redusert sædkvalitet, auke av bryst- og testikkelkreft og dessutan auka førekomst av misdanningar i kjønnsorgana.

Det er òg mistanke om at meir allergi, for tidleg pubertet, fedme og diabetes 2, endringar i stoffskiftet og i utviklinga av nervesystemet kan kome av miljøgifter som forstyrrar hormonbalansen.

Høyr podkast frå NRK Skole om kva som skjer med naturen når han blir påverka av hormon og hormonhermarar. (24:59)

Samandrag av podkast om hormonhermarar

Kva skjer med naturen når han blir påverka av hormon og hormonhermarar?

Det er funne restar av østrogen frå p-piller i vassdrag. Eit av resultata er at fisk blir feminisert. Det vil seie at hannfisk utviklar eggleiarar og mellom anna mister interessa for hofisk. Her høyrer du kva konsekvensar dette får for utviklinga i naturen.

Tenk gjennom

  • Kva kan du sjølv gjere for å unngå å få i deg hormonhermarar?

  • Er det mogleg å finne ut om det er hormonhermarar i eit produkt, ved å lese innhaldslista?

  • Kan du finne hormonhermarar i kosmetikk, kremar eller andre produkt du har heime, ved å skanne strekkoden med den danske appen Hormonsjekk?

Kjelder

Drange, M. (2021, 18. mai). Anabole steroider (doping). I Store medisinske leksikon. Henta 19. januar 2022 frå https://sml.snl.no/anabole_steroider_-_doping

Drange, M. (2020, 30. oktober). Doping – bivirkninger. I Store medisinske leksikon. Henta 19. januar 2022 frå https://sml.snl.no/doping_-_bivirkninger

Johansen, M. S. (2018, 8. juni) Det er farlig – vi vet ikke hvor stoffet kommer fra. TV2 Nyheter. Henta 19. januar 2022 frå https://www.tv2.no/a/9898607/

Miljødirektoratet. (2021, 2. juli). Om hormonforstyrrende stoffer. Miljøstatus. Henta 19. januar 2022 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/prioriterte-miljogifter/hormonforstyrrende-stoffer/

Miljødirektoratet. (2021, 5. februar). PCB-nivået synker, men er fortsatt høyt noen steder. Miljøstatus. Henta 19. januar 2022 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/miljogifter/prioriterte-miljogifter/polyklorerte-bifenyler-pcb/

Nilsen, H. S. (2010, 31. mai). Risiko for alvorlige bivirkninger ved bruk av melanotan ("barbiedop"). RELIS – produsentuavhengig legemiddelinformasjon for helsepersonell. Henta 19. januar 2022 frå https://relis.no/bivirkninger/nytt_om_bivirkninger/2010/risiko_for_alvorlige_bivirkninger_ved_bruk_av_melanotan

Spillum, B. J. (2019, 23. oktober). Hormonhermere. I Store norske leksikon. Henta 19. januar 2022 frå https://sml.snl.no/hormonhermere

Wold, L. M. H. (2021, 3. juni). Advarer mot livsfarlig skjønnhetsdop: – Dødelig. TV2 Nyheter. Henta 19. januar 2022 frå https://www.tv2.no/a/14027694/

Relatert innhald

Denne e-førelesinga handlar om oppbygginga og bruken av PCB og kva slags konsekvensar bruken har for menneske og miljø.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Hormonsystemet