Forsøk: Tre forsøk med plantehormon
Føremål
I dette forsøket skal du observere og tolke effekten av den eine variabelen i forsøksoppsettet, nemleg eit eple.
Framgangsmåte
Set to like blomstrar i vatn.
Ei anna moglegheit er å bruke spirande frø i ei potte, eller til dømes bjørkekvistar med blad.Dekk kvar av blomstrane med eit stort begerglas som står opp ned, eller ein tett plastpose.
Legg eit eple saman den eine blomsteren. Eplet kan gjerne vere modent eller visent.
Plasser forsøket i ein vindaugskarm med gode lysforhold eller ved ei lyskjelde. Pass på at begge oppsetta får like forhold.
Refleksjon – etterarbeid:
Følg med på kva som skjer, og forklar årsaka til utviklinga.
Feilkjelder: Var alle variablane bortsett frå eplet like i dei to oppsetta?
Føremål
Føremålet med dette forsøket er at du skal observere og tolke korleis lys, lysretning og fråvære av lys påverkar veksten hos plantar.
Framgangsmåte
Så 3–4 korn (til dømes bygg, havre eller maiskorn) i 5 små potter eller avklipte mjølkekartongar med jord.
Plassar avklipte mjølkekartongar eller andre lystette hetter over 4 av pottene. I 3 av hettene må du òg lage eit hol der lyset kan kome inn. Vel ulike plasseringar av holet i forhold til lyskjelda.
(Tips: For at det skal bli lettare å tre toppen av mjølkekartongen over botnen, kan det vere lurt å klippe nokre hakk i kanten.)Kontrollforsøk:
Lat 1 potte vere utan hette.
Lat 1 potte få hette utan hol.
Skriv nummer på kartongane, og ta bilete av oppsettet. Då blir det lettare å hugse plasseringa i forhold til lyskjelda når du skal tolke resultatet.
Pass på at jorda held seg fuktig. Det kan ta litt tid før korna spirer.
Refleksjon – etterarbeid
Følg med på korleis spira veks.
Forklar kva som skjer med kvar av plantane.
Var det nokon moglege feilkjelder i forsøksoppsettet?
Føremål
Føremålet med dette forsøket er å undersøkje om det er forskjell på evna til vekst i eit meristem og i andre plantedelar.
Framgangsmåte
I dette forsøket er det viktig å jobbe mest mogleg sterilt for å unngå sopp eller bakteriar i næringsagaren.
Legg potetgroen i ei rein petriskål, og studer han i ei stereolupe for å sjå detaljane godt.
Desinfiser reiskapane med sprit og flamme, og avkjøl dei før du rører ved skotspissen.
Bruk pinsett, skalpell og eventuelt nål for å hente ut den sterile skotspissen (meristemet) inni potetgroen.
Trykk meristemet lett ned i næringsagaren. Plasser gjerne fleire meristem i same næringsagar, og lukk petriskåla.
Plasser plantedelar i ny petriskål med næringsagar: Skjer av nokre ferske og friske delar av ein plante, og press delane lett ned i næringsagaren, slik at det blir god kontakt.
Merk petriskålene (langs kanten eller under) med dato, innhald og initialar.
Teip igjen skålene, slik at agaren ikkje tørkar ut. Plasser skålene på ein lys stad.
Dokumentasjon
Ta med jamne mellomrom bilete for å dokumentere utviklinga. Bileta kan du seinare setje saman til ein film. Ei anna moglegheit er å setje opp eit kamera eller ein mobil som automatisk tek bilete til ein timelapse.
Refleksjon – etterarbeid
Følg med på utviklinga i agarskålene, og reflekter over det som skjer.
Kva forskjellar kan du sjå i dei to petriskålene?
Kva er årsaka til utviklinga?
Er det nokon feilkjelder her?
Kva kan denne kunnskapen brukast til?
Tillegg: Viss veksten har gått bra og du har tilgang på plantehormon, kan du utvide forsøket. Tilset små mengder av eit plantehormon på ei agarplate. Studer og drøft resultatet.