Til lærar
I dette forsøket er målet at klassen skal undersøkje fototropisme i karse. Det er fleire måtar å gjennomføre forsøket på. Eit alternativ er å utfordre elevane til å utforme eigne forsøk. Då kan du gi dei utstyrslista under og bruke refleksjonsspørsmåla nedst på sida til vidare arbeid. Eit anna alternativ er at dei følgjer framgangsmåten som er beskriven her.
Føremål
I dette forsøket er målet at klassen saman skal utforme eit forsøk for å studere fototropisme hos grønsaksplanten karse (Leipidium sativum).
Utform eit forsøk for å studere fototropisme
Du skal utforme eit eksperiment for å finne ut korleis lys påverkar vekst i plantar. Karsefrø er eit godt alternativ, for frøa spirer raskt, og plantane veks godt under enkle kår. Dei krev berre vatn og litt bomull.
Tenk gjennom kva variablar som kan påverke dette forsøket, og lag eit oppsett til eit forsøk der alle variablane blir haldne konstante, bortsett frå den du vil teste.
Utstyr per oppsett
1–2 posar karsefrø
bomull
7 mjølkekartongar
målekolbe
vatn
pappeske (60 x 30 x 30 cm er ein passande storleik)
svarte ark
lyskjelde (LED eignar seg best, då det ikkje gir frå seg varme og kan vere skrudd på over natta)
Forslag til gjennomføring
Lag små "potter" ved å klippe botnen av 7 mjølkekartongar. Veggane skal vere cirka 2 cm høge.
Fyll mjølkekartongane med lik mengd bomull.
Bruk ein målekolbe for å måle opp vatn, slik at alle mjølkekartongane får same mengd. Dersom bomulla søkk mykje, bør du etterfylle med meir, slik at bomulla når opp til kanten på kartongen.
Veg opp 7 like mengder karsefrø, og strø frøa jamt over bomulla i kvar av mjølkekartongane.
Dekk innsida av pappeska med svarte ark.
Plasser 5 av mjølkekartongane midt i eska på ei rett linje med lik avstand mellom kvar kartong.
Plasser den 6. kartongen bak den midtarste.
Lukk eska, og skjer ut ei spalte (til dømes 5 cm x 2 cm) som lyset kan kome gjennom.
Monter LED-lampa 5 cm frå spalta.
Korleis veks karse utan lys?
Den 7. kartongen som du sådde i, skal stå utanfor eska, men med lok over.
Bruk toppen av ein mjølkekartong som lok. Klipp eit snitt i dei fire hjørna øvst for å sikre lufting.
Tre toppen av mjølkekartongen over botnen, og plasser denne mjølkekartongen med lok ved sida av pappeska som inneheld dei 6 andre mjølkekartongane.
Undersøk veksten etter nokre dagar, gjerne i neste biologitime. Hugs å sjekke om du må vatne karsen i mellomtida. Ta bilete undervegs for å dokumentere veksten.
Resultat og spørsmål
Forklar måten du utforma forsøket på. Kvifor valde du å gjennomføre forsøket på denne måten?
Kva variablar blir haldne konstante, og kva variabel varierer i dette eksperimentet?
Kan du tenkje deg andre måtar du kunne ha gjennomført forsøket på?
Korleis har karsen vakse i forhold til lyskjelda?
Er det forskjell på korleis karsen har vakse i dei ulike kartongane?
Forklar korleis plantehormon har påverka resultatet.