Hopp til innhald
Fagartikkel

Kommunikasjon med hormon

For at fleircella organismar skal kunne koordinere dei mange prosessane i alle cellene og halde oppe eit stabilt indre miljø, må dei kommunisere med kvarandre. Hormon er kjemiske signalstoff som cellene bruker for å kommunisere både med kvarandre og med dei ytre omgivnadene.
Video: Camilla Øvstebø, Kristin Bøhle / CC BY-NC-ND 4.0

Kva er hormon?

For at cellene i fleircella organismar skal kunne samarbeide, er dei avhengige av å kunne overføre informasjon til kvarandre. Hormon er ein av måtane dei kan kommunisere med kvarandre på.

Hormon er kjemiske molekyl som fungerer som signalstoff. Hormona blir produserte i ei celle eller ein kjertel og transporterte rundt i blodbana, vevsvæska eller leidningsvevet hos plantar. Deretter påverkar dei celler ein annan stad i organismen ved å binde seg til ein spesifikk reseptor på mottakarcella. Hormona påverkar mottakarcella til å utføre ei bestemt oppgåve.

Omgrepet hormon kjem av det greske ordet hormaein, som betyr å setje i gang. Funksjonen til hormona er nemleg å setje i gang og samordne aktiviteten i ulike celler, slik at han er tilpassa det heilskaplege behovet til kroppen.

Hormon er godt eigna for å regulere langsame prosessar som er felles for mange celler i kroppen, og styrer kroppsfunksjonar som

  • vekst og utvikling

  • væskebalanse

  • formeiring

  • nedbryting og lagring av næringsstoff

Døme på hormon
  • Hormonet insulin senkar blodsukkeret ved å få cellene til å ta opp meir glukose frå blodet.

  • Ecdyson og juvenilt hormon er to viktige hormon for leddyr som gjennomgår metamorfose. Hormona regulerer overgangen mellom dei ulike stadia, til dømes overgangen mellom larvestadiet, puppestadiet og den vaksne sommarfuglen.

  • Etylen er aldringshormonet til plantane og fremjar aldring av blad og blomster. Det er viktig for fruktmodning og bladfelling, samtidig som det hemmar rot- og lengdevekst.

Produksjon og utskiljing av hormon

Hormon hos dyr blir laga i eigne hormonproduserande celler som er organiserte i kjertlar, gjerne kalla kjertlar. Vi menneske har fleire slike kjertlar. Plantehormon blir produserte rundt i heile planten, og ikkje i eigne kjertlar som hos dyr. Det er spesielt høg produksjon av plantehormon i vekstvev og vev som er i utvikling. Hormon blir skilde ut ved behov.

Hormon kan kommunisere med celler på ulike måtar. Hormon som blir skilde ut i vevsvæska, kan påverke eigen aktivitet (autokrin kommunikasjon) eller naboceller (parakrin kommunikasjon) ved . Hormona kan òg transporterast til mottakarceller langt borte ved at dei sirkulerer i blodet hos dyr eller i leidningsvevet hos plantar (endokrin kommunikasjon).

Korleis verkar hormon?

Hormon er kjemiske bodbringarar som set i gang eller regulerer prosessar hos både dyr og plantar. Sjølv om hormona strøymer med blod og vevsvæske til alle delar av organismen, verkar dei berre på bestemte målceller.

På biletet ser du korleis insulin festar seg til reseptoren og får transportmolekyla til å opne for glukose.

Eit bestemt hormon verkar ofte på fleire celletypar, og ein bestemt celletype er som regel mottakar for fleire ulike hormon. Hormona vil berre kunne utløyse ein respons i cella viss cella har spesifikke reseptorar for det bestemte hormonet. Desse passar "som hand i hanske" med hormonet sitt. Det gjer at informasjonen blir levert til riktig "adresse". Effekten av hormonet avheng av konsentrasjon, men blir òg påverka av andre hormon.

Hormon hos dyr og menneske er meir spesialiserte enn plantehormon. Hos plantar kan eit hormon påverke fleire ulike prosessar.

Hormonsystemet sørgjer for ein hårfin balanse i tallause prosessar hos dyr og plantar. Kjende døme frå menneskekroppen er automatisk regulering av blodsukker, blodtrykk og væskebalanse.
Denne kontinuerlege hormonreguleringa som sørgjer for balanse, dannar grunnlaget for god helse og velvære.

Nedbryting for å avslutte responsen i cella

Kort tid etter at hormonet har bunde seg til reseptoren, vil hormonet bli brote ned. Då stansar verknaden av hormonet. På den måten er det mengda hormon som avgjer kor stor effekten skal bli.

Kjelder

Reece, J. B. et al. (2011). Campbell Biology (9. utg.). Pearson.

Sand, O. et al. (2006). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.

Taiz, L. et al. (2015). Plant Physiology and Development (6. utg.). Sinauer Associates.

Relatert innhald