Refleksjonsoppgåver til temaet homeostase og hormonregulering
Folliklar er celler i eggstokkane som produserer og skil ut hormonet østrogen. Follikkelcellene blir stimulerte av follikkelstimulerande hormon, FSH, som blir skilt ut av hypofysen.
Hos kvinner som går gjennom enkelte typar kreftbehandling, blir follikkelcellene øydelagde. Desse kvinnene har ofte ein mykje høgare konsentrasjon av FSH enn normalt.
Bruk kunnskapane dine om hormonregulering til å forklare kvifor kvinner med øydelagde follikkelceller har høgare konsentrasjon av FSH enn normalt.Kvinner med forhøgd konsentrasjon av FSH kan ta eit kunstig hormon som hemmar utskiljinga av FSH frå hypofysen. Figuren viser oppbygginga til det kunstige hormonet og oppbygginga til det naturlege hormonet som stimulerer hypofysen til å skilje ut FSH.
Prøv å forklare korleis det kunstige hormonet hemmar utskiljinga av FSH.
Figuren viser korleis konsentrasjonen av glukose, glukagon og insulin endrar seg over tid hos ein person. Etter ein time inntek personen eit måltid med mykje glukose. Forklar korleis du kan sjå av kurvene kva som viser konsentrasjonen av høvesvis glukagon, insulin og glukose.
Korleis ville kurvene for insulin og glukose ha sett ut dersom personen hadde diabetes type 1?
Ein person med diabetes type 1 må tilføre insulin. Dersom han/ho feilbereknar og tilfører for mykje, kan det få alvorlege konsekvensar. I naudsfall må han/ho ta ei sprøyte med glukagon. Forklar kvifor det å ta for mykje insulin kan vere farleg, og kvifor det vil hjelpe å ta ei glukagonsprøyte.
Punktlista beskriv nokre symptom på diabetes type 1:
forhøgd glukosekonsentrasjon i blodet
glukose i urinen
må urinere ofte og mykje
vekttap
keton i blod og urin
(Keton blir danna når kroppen forbrenner feitt.)trøyttleik og lite "ork"
tørst- og svoltkjensle
Det er samanhengar mellom mange av symptoma. Forsøk å forklare så mange samanhengar som mogleg.
Figuren viser korleis hormonet testosteron blir produsert.
Det er gjort forsøk med p-piller for menn. Desse skal hemme produksjonen av spermiar. Pilla inneheld testosteron og må takast kvar dag.
Bruk figuren og annan relevant kunnskap til å foreslå korleis p-pilla forhindrar produksjon av spermiar.