Hopp til innhald
Fagartikkel

Samarbeid med nervesystemet

Hos komplekse organismar som pattedyr, mellom anna oss menneske, samarbeider nervecellene og dei hormonproduserande cellene. Saman har dei hovudansvaret for å koordinere aktiviteten til millionar av andre celler i kroppen.
Video: Torfinn Ørmen, Kristin Bøhle og Ragnhild Baglo / CC BY-SA 4.0

Samarbeid mellom nerve- og hormonsystem

Kroppen din er eit komplekst system som består av ulike celletypar, vev og organ som samarbeider med kvarandre. For at kroppen både skal kunne reagere på omgivnadene og sørgje for at det indre miljøet er i balanse (homeostase), må han ha effektive kommunikasjonssystem.

Derfor kommuniserer kroppen både med hormon gjennom hormonsystemet og med elektriske signal ved hjelp av nervesystemet.

Hormonsystemet styrer langsame prosessar som vekst, væskebalanse, pubertet og reproduksjon. Nervesystemet styrer derimot raske prosessar som bevegelse ved hjelp av elektriske signal.

Kva er nervesystemet?

Nervesystemet er spesialisert for å overføre informasjon raskt og styrer bevegelse. Sanseceller gir utan opphald informasjon om omgivnadene, og denne informasjonen blir tolka av hjernen og nervesystemet.

Nervesystemet består av nerveceller med støtteceller. Nervecellene skil seg frå andre kroppsceller ved at dei kommuniserer med kvarandre og andre celler i kroppen ved hjelp av elektriske impulsar. I overgangen mellom nervecellene (synapsespaltene) skil dei ut kjemiske signalstoff som vidareformidlar informasjonen til neste nervecelle.

Nervecellene inngår i eit stort nettverk som dekkjer heile kroppen og kommuniserer med mange andre celler, mellom anna muskelceller, sanseceller og hormonproduserande celler.

Hypothalamus – koplingspunktet mellom nerve- og hormonsystemet

Hormonsystemet og nervesystemet er nær knytte til kvarandre, sidan mange av dei hormonproduserande kjertlane kan styrast av nervesystemet. Det er hypothalamus som dannar bindeleddet mellom nervesystemet og hormonsystemet. Signal frå hjernen og konsentrasjonen av ulike hormon i blodet kan få hypothalamus til å sende ut hormon som regulerer ulike prosessar i kroppen.

I hypothalamus blir det produsert nevrohormon. Dette er hormon som overfører informasjon frå nervesystemet til hormonsystemet. Mange nerveceller har direkte kontakt med dei hormonproduserande cellene i hypothalamus og kan derfor påverke produksjon og utskiljing av nevrohormon.

Nevrohormon frå hypothalamus blir sende til baklappen i hypofysen, der dei blir skilde ut i blodårene. Så blir dei transporterte rundt i kroppen.

Baklappen til hypofysen blir kalla nevrohypofysen. Der blir det ikkje produsert hormon, men nevrohormona frå hypothalamus blir lagra og skilde ut ved behov. To døme på slike hormon er og .

Denne samankoplinga mellom nervesystemet og hormonsystemet gjer at du mellom anna kan regulere kroppstemperatur, svolt- og tørstkjensle, døgnrytme og smerte.

Film som samanliknar nervesystemet og hormonsystemet. Video: Kristin Bøhle, Tone Pedersen Rangul / CC BY-SA 4.0
"Vart du skræmt no?"

Når du er bekymra, er stressa eller er i ein farleg situasjon, sender hjernen signal til binyremergen ved hjelp av nerveceller. Det får dei hormonproduserande cellene i binyremergen til å produsere og skilje ut større mengder av hormonet adrenalin, som deretter blir sleppt ut i blodet.

Adrenalin gjer at hjartet slår raskare, blodtrykket aukar og blodstraumen til hjarte, musklar og lunger aukar. Samtidig blir mengda blod til fordøyingssystemet redusert. På den måten fungerer adrenalin som eit alarm- og stress-signal som førebur deg til kamp.

Kjelder

Endokrinologi. (2020, 7.mai). I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 6. desember 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/e/endokrinologi.html

Sand, O. et al. (2006). Menneskekroppen. Anatomi og fysiologi. Gyldendal Akademisk.