Hopp til innhald

Fagstoff

Hormon hos dyr

Hormon speler ei viktig rolle for kommunikasjon, vekst, reproduksjon og likevekt (homeostase) hos både dyr og menneske. Mykje er likt, men duftsignal og hormonstyrte prosessar som metamorfose, reproduktiv åtferd, søvn og dvale er unike for kvar art.
Ei grein der fleire stadium av livssyklusen til sommarfuglen er illustrert. Illustrasjon.

Hormon hos virveldyr

Dei hos virveldyr skil ut hormon som følgjer blodstraumen rundt til heile kroppen, men dei verkar berre på celler med reseptorar som er spesielt tilpassa dei ulike hormona. Desse hormona regulerer mellom anna , organutvikling, vekst og urinproduksjon.

Endokrine kjertlar blir styrte av nervesystemet (hovudsakleg hypothalamus) via hypofysen, og fleire hormon kan påverke effekten og utskiljinga av andre hormon. Fleire organ og celler kan lage hormon som verkar lokalt, men ikkje sirkulerer i kroppen.

Spelande tiur. Foto.

Hormona er ikkje artsspesifikke, men utløysande faktorar som regulerer hormonproduksjonen og mellom anna påverkar åtferda, varierer frå art til art. Utløysande faktorar kan vere endring av daglengd og temperatur.
Kjønnshormonet testosteron er det same hos menneske og hannfuglar, men åtferda til ein våryr tiur som er full av testosteron, er spesiell for arten.

Når produksjonen av kjønnshormon aukar, er det mange artar som gjennomfører spesielle ritual for kurtise (reproduktiv åtferd) for å finne seg ein partnar før paring. Denne åtferda er eit resultat av og sikrar at den moglege seksualpartnaren ikkje blir oppfatta som ein fiende, og at paringa skjer innanfor same art og mellom friske individ som kan gjennomføre korrekte ritual.

Filmar som viser døme på reproduktiv åtferd

Kurtisen kan vere faste programmerte mønster som tranedans, tiurleik, song/lydar, reirbygging, fisk som sym parallelt og gnissar sidene mot kvarandre, og laks som byggjer gytegrop ved å slå spolen mot grusen.

Kurtiseritual hos albatross

Blåfotsuler i kurtise

Skjelpaddeparing

Hormon påverkar søvn, vintersøvn og dvale

Flaggermus heng opp ned i taket på ei grotte. Foto.

Søvn- og vakensyklusar blir hos pattedyr styrte av eit område i hypothalamus som får informasjon om lys og mørke frå netthinna i auget. Natthormonet melatonin blir skilt ut frå når det blir mørkt, og det gjer oss trøytte. Lys hemmar produksjonen av melatonin, slik at vi gradvis blir mindre trøytte.

Planteetarar har generelt kortare søvnperiodar enn rovdyr, men variasjonane er store. Tårnseglarar kan sove mens dei flyg. Nokre sjøfuglar søv flytande på vatnet. Sjøpattedyr kan sove i vatnet, men nokre søv med berre halve hjernen om gongen.

Pattedyr og fuglar har liknande søvntypar som menneske, men vi veit lite om søvn hos vekselvarme virveldyr. Mykje tyder på at virvellause dyr ikkje søv.

Tenk gjennom

Kvifor er enkelte kattedyr, ugler og flaggermus nattaktive og søv om dagen?

Ein brunbjørn som stikk snuten ut av snøen. Foto.

Store pattedyr som brunbjørn og isbjørn søv vintersøvn mens det er dårleg mattilgang. Det er ein lett dvale med litt nedsette kroppsfunksjonar Kroppstemperaturen søkk 3–5 grader og hjartefrekvensen til 1/3. Brunbjørn kan klare seg i sju månader utan mat og drikke mens dei tærer på feittvev, utan at det går ut over muskelmassen.

Dvale

Dvale gir moglegheit til å overleve periodar med vanskelege miljøforhold (matmangel, tørke, kulde, varme). For at dyret skal tole dvalen, må det gjere nokre førebuingar (vektauke, frostvæske, ofte frostfri skjulestad).

Under dvalen er alle kroppsfunksjonar sterkt nedsette, og søvnen er så djup at dyret verkar dødt. Kroppstemperaturen er sterkt redusert. Norske pattedyr kan ha ein kroppstemperatur på litt over 0 grader. Hjartet slår med svært låg frekvens, og dyret pustar langsamt og uregelmessig.

Dyr som går i dvale: flaggermus, piggsvin, bjørkemus, amfibium, krypdyr, nokre fiskar, dei fleste insekt og andre virvellause dyr. Vi kan òg seie at plantar går i dvale om vinteren.

Ei padde kjem opp frå skjulestaden sin i jorda mellom lyngplantar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kunstig lys forstyrrar døgnrytmen og navigasjonen til dyra

Kunstig lys i urbane strøk kan påverke navigasjon og døgnrytme hos fleire dyregrupper.

I ein sveitsisk by har naturvernarar klart å redde utryddingstrua flaggermus ved å skjerme dei nattaktive pattedyra mot lysforureining. Lyset forseinka nattfølelsen deira, noko som førte til at dei flaug ut stadig seinare og fekk mindre tid til å jakte. Kolonien har teke seg opp etter at ein fjerna lyskastarane som peikte mot yngleplassane til kolonien. No jobbar naturvernarane for å lage mørke korridorar frå kolonien til jaktområda.

Flaggermus som heng og søv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hormon hos virvellause dyr

Virvellause dyr har òg kjemiske signalstoff som kan overføre signal frå éin stad til ein anna. Dei har eit endokrint system der nerveceller dannar, lagrar og skil ut nevrohormon, og dei har få endokrine kjertlar som regulerer vekst og reproduksjon.

Utskiljing av nevrohormon kan skje frå hjernen, frå kjertlar i kjønnsorgana og frå andre kjertlar i hovud og svelg.

Ein stor raud sjøstjernearm med seks nye små armar som gror ut. Foto.

Nevrohormon regulerer hos hydraer, sjøstjerner og leddormar som kan gjendanne tapte kroppsdelar. I tillegg styrer nevrohormon reproduktiv åtferd, reproduksjon og fargeendringar hos krepsdyr (mimikry – når dei etterliknar bakgrunnen eller andre dyr). Jo meir avanserte dyra blir, jo fleire nevrohormon og endokrine kjertlar har dei.

Metamorfose – total forvandling

Det er hormon som styrer når rumpetrollet forvandlar seg til ein frosk, og larven utviklar seg via puppe til kjønnsmoden sommarfugl.

Fullstendig forvandling hos padde. Frå rumpetroll til vakse individ. Illustrasjon.

Metamorfose er ei omfattande forvandling som det unge dyret går gjennom i fleire stadium på veg mot å bli eit vakse, kjønnsmodent individ. Forvandlinga omfattar både utsjånad, omorganisering av organ og levesett.

Ein larve klamrar seg til eit strå, og eit vakse individ kryp ut av sin gamle ham. Foto.

Hudskifte/hamskifte hos som har ufullstendig forvandling, blir òg styrt av hormon. Augestikkarar (libellar) har ufullstendig forvandling, men går gjennom mange hudskifte styrte av hormon før det vaksne individet blir klekt som på biletet.

Hormonstyring av metamorfose hos insekt

Hos insekt finn vi komplett metamorfose mellom anna hos sommarfuglar, biller og fluger. Det er temperaturendringar som triggar utskiljinga av dei hormona som styrer forvandlinga.

Det er spesielt to hormon (ecdyson og juvenilt hormon) som styrer vekst og metamorfose hos insekt. Endring i temperaturen får nevroendokrine kjertlar i hjernen til å skilje ut hormon som blir frakta med nerveutløparar til ein kjertel like under hjernen. Når hormon frå denne kjertelen blir skilde ut, blir endokrine kjertlar i det fremste brystsegmentet stimulerte til å skilje ut hamskiftehormonet ecdyson.

Utvikling frå larve og puppe til ferdig sommarfugl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Unge insekt på larvestadiet har kjertlar i hovudet som skil ut juvenilt hormon. Dette er viktig for å utsetje forvandlinga (metamorfosen), slik at larven får vekse. Når konsentrasjonen av juvenilt hormon søkk, vil ecdyson setje i gang hamskifte og metamorfose, slik at det blir danna ei puppe. Puppa blir klekt til eit vakse individ når utskiljinga av juvenilt hormon stoppar.

Kjelder

Atferdsbiologi. (2021, 20. oktober). I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/atferdsbiologi.html

Boccara, C. (2021, 30. mars). Søvn. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://sml.snl.no/s%c3%b8vn

Endokrinologi. (2020, 7. mai). I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/e/endokrinologi.html

Frafjord, K. (2019, 3. september). Dvale. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://snl.no/dvale

Hauge, A. (2021, 30. november). Feromon. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://sml.snl.no/feromon

Skår, F. (2016, 21. mars). Slik overlever bjørnen sju måneder uten mat og drikke. Forskning.no. Henta 4. januar 2022 frå https://forskning.no/dyreverden-hogskolen-i-hedmark-partner/slik-overlever-bjornen-sju-maneder-uten-mat-og-drikke/431149

Winther, F. Ø. (2021, 5. mai). Luktesans. I Store medisinske leksikon. Henta 4. januar 2022 frå https://snl.no/luktesans

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2022

Læringsressursar

Hormonsystemet