Hopp til innhald

Fagstoff

Lydtypar

Eit skrik, eit pistolskot, sko mot grus, ei hås stemme bak deg og musikk som aukar intensiteten og gir deg ei guffen kjensle.
Godt lydarbeid i lyd- og filmproduksjonar hevar kvaliteten med mange hakk. I denne teksten lærer du om dei fire lydtypane.
Fire ulike bilete: nærbilete av munn, eit gatebilete, føter som går og radio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Lydarbeid blir ofte teke lett på i medieproduksjonar. Det er det ingen grunn til. På ein enkel måte kan du kjapt heve lyd- eller filmproduksjonen med mange hakk ved å vere meir klar over lydarbeidet under opptak og i omarbeiding av materialet. God lydkvalitet og medviten bruk av lyd er heilt avgjerande for om eit medieprodukt blir bra eller dårleg.

Fire lydtypar

Det er vanleg å dele lyd inn i fire lydtypar. Desse er

  • tale
  • miljølyd
  • effektlyd
  • musikk

Ved å kombinere fleire av desse lydtypane kan du skape lydbilete som passar med uttrykket du skal skape.

Tale

Tale kan vere både monolog, dialog, samtale mellom fleire, eller det kan vere lyd lagt på som ei forteljarstemme. Det kan òg vere spontan tale, eller det kan vere planlagd tale med manus. Lyd lesen inn av reporter blir kalla for voice-over eller blokk.


Monolog er tale med ein person, til dømes ein nyheitsopplesar på radio. Ei roleg og behageleg stemme aukar truverdet og interessa for det nyheitsopplesaren seier.

Dialog er den lyden som oppstår når to eller fleire menneske snakkar saman. Det er viktig å få så god kvalitet som mogleg når ein gjer opptak av dialog, slik at alle kan høyre kva som blir sagt.

Lydtype tale

0:00
-0:00

Miljølyd

Miljølyd er den naturlege lyden som finst på ein stad. Nokre av desse lydane høyrer vi godt, andre er vi så vande til at vi ikkje tenkjer over at dei er der. Ordet kontentum blir òg brukt om miljølyd. Miljølyden består av dei ulike lydane du kan høyre i eit miljø. Sjå rundt deg i rommet du sit i no. Prøv å legg merke til lydane. Det kan vere svak sus frå viftar eller ventilasjonsanlegg, kanskje høyrer du kviskring, nokon kan røre seg, taste på eit tastatur, kremte eller flytte litt på ein stol eller le. Sjølv om vi kan oppfatte det som stille rundt oss, vil det vere nokre lydar som til saman utgjer miljølyden.

Lydtype miljølyd

0:00
-0:00

Tenkepause

Sit heilt stille i klasserommet i to minutt og lytt til dei lydane som omgir deg. Skriv ned stikkord for alle dei lydane du høyrer.

Dersom du gjer lydopptak av eit intervju i ein park, i ein innkomsthall på ein flyplass, på leikeområdet i ein barnehage eller i eit møterom, vil det liggje miljølyd under dialogen. Det er lurt å ta opp 20–30 sekund med berre miljølyd når du skal gjere intervju. Han kan brukast til å liggje under ein voice-over når du lagar ein reportasje, så det ikkje blir for rein lyd når reporteren snakkar, og lyttar eller sjåar blir ikkje “dratt” ut av miljøet. Legg du miljølyden under voice-overen, kan lyttaren få ei oppleving av å vere til stades der reportasjen er laga.

Sjølv eit heilt "stille" rom vil ha nokre lydar.

Effektlyd

Effektlyd er enkeltlydar av kort varigheit som blir brukt som ein spesiell effekt i ein lydproduksjon. Slike lydar blir ofte forsterka, slik at dei høyrest ekstra tydeleg. Eksempel på dette er skritt som nærmar seg, ei dør som blir lukka, ein kvist som blir knokken, ei klokke som tikkar eller ein eksplosjon. Effektlydar er viktige når ein skal lydleggje film, høyrespel eller reklame.

Lydtype effekt (lukke dør)

0:00
-0:00

Lydtype effekt (føter)

0:00
-0:00
To bilete. Til venstre: nærbilete av føtene til to personar som går. Til høgre: hand på ei dørklinke. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ofte blir effektlydar laga i lydstudio, og det er ikkje alltid at den ekte lyden av ei handling gir den mest “realistiske” lyden. Eit slag på kinnet kan høyrast mykje meir dramatisk ut, og gjere mykje mindre vondt, om du tek lydopptak av to hender som blir klappa saman. Du kan få ein ekstra fresande lyd av mat som blir steikt på ei steikepanne ved å ta opp lyd av vatn frå springen.

I dette klippet ser du korleis foley-artistar går fram for å lage lydeffektar (Youtube.com).

Kva slags lyd høyrer du i klippet under?

Gjett kva lyd

0:00
-0:00

Musikk

Musikk blir ofte brukt som verkemiddel i lyd- og filmproduksjonar og bidrar til å setje ei stemning. Musikk kan skape kjensler som frykt, spenning, tungsinn eller glede. I større produksjonar blir musikken spesialskriven for heile filmen eller lydproduktet og dermed tilpassa alle dramatiske endringar og situasjonar ned til minste detalj.

Lydtype musikk

0:00
-0:00
Radio på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit viktig skilje når det gjeld musikk i film, er diegetisk og ikkje-diegetisk musikk. Diegetisk musikk er musikk som er ein del av filmuniverset og blir oppfatta av karakterane, som til dømes ein radio som står på eller eit band som øver. Ikkje-diegetisk musikk er lagt på i redigering og kan ikkje høyrast eller oppfattast av personane i filmen.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid, Gjert Meling og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2019

Læringsressursar

Auditive medium