Hopp til innhald

Fagstoff

Gode råd for lydopptak

Sjekk utstyret, bruk riktig mikrofon, bruk hovudtelefonar, unngå støy og sjekk innspelingsnivå. Her får du fem gode råd for opptak av lyd.

1. Sjekk utstyret før du går ut!

Det er kjedeleg å komme ut på opptaksstaden med utstyr som ikkje fungerer. Sjekk at overgangane mellom mikrofonkabel og mikrofon fungerer, og ikkje minst at det kjem lyd inn på lydopptakaren eller kamera. Ha med deg ekstra batteri til mikrofonen.

2. Bruk riktig mikrofon

For å få inn nok lyd må du nær lydkjelda. Kor nært du skal gå, er avhengig av både kor høgt personen snakkar, kor høgt opptaksnivået på kameraet er, og ikkje minst kva type mikrofon du har. Ein halvkanon som er retningsstyrt, tek opp lyd på lengre avstand enn til dømes ein kardioide- eller kulemikrofon.

3. Bruk hovudtelefonar

Hovudtelefonar er obligatorisk når du skal gjere lydopptak, elles kan du ikkje vite korleis lyden som blir teken opp, høyrest ut. Slik kan du òg sjekke at lydnivået er riktig, og oppdage forstyrrande støykjelder. Det kan vere støy i bakgrunnen frå trafikk eller elektriske apparat. Sus frå ventilasjon eller knirk i festet på mikrofonleidningen kan òg verke forstyrrande.

4. Unngå støy

Ver observant på andre lydar i rommet der du tek opp. Desse kan anten forstyrre og øydelegge opptaket ditt, eller faktisk vere ein riktig miljølyd.

5. Sjekk innspelingsnivå

For å sikre kvaliteten på lyden når du speler han inn, må du følge med på innspelingsnivået. Du må følge med på displayet for lydinnspelinga, anten du tek opp lyden med mobilen din eller i eit studio. Hugs òg å alltid bruke hovudtelefonar, då høyrer du lyden slik han faktisk blir spelt inn.

CC BY-SASkrive av Stein Pettersen-Ervik, Gjert Meling og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2024

Læringsressursar

Auditive medium