Hopp til innhald

Fagstoff

Radioreklame

Kommersielle radiokanalar blir finansierte ved hjelp av reklame. Reklamebodskapen blir presentert gjennom samspelet mellom ulike lydformer. Han snik seg inn i øyret ditt mens du er oppteken med andre gjeremål, og blir sendt opp att gong etter gong.
Foto av ei smilande kvinne som lener seg ned på eit kjøkkenbord der det står ein radio.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kurer om radioreklame

0:00
-0:00

Reklame i eit flyktig medium

Radioreklame er betalt annonsering i kommersielle radiokanalar. Som oftast er det å lytte til radio ein sekundæraktivitet. Vi høyrer på radio mens vi held på med andre ting: når vi køyrer bil, når vi tek bussen, når vi lagar mat, når vi går på do, og når vi er hos frisøren. Sjølv om dei fleste ikkje lyttar så mykje på radio, er vi ofte i situasjonar der vi blir eksponerte for radioreklame. Vi spring jo ikkje ut av frisørsalongen når reklameinnslaga kjem!

Eit anna kjenneteikn ved radioen er at han er eit flyktig medium. Det er ikkje råd å "spole tilbake" for å få med seg bodskapen ein gong til. Derfor må språket og bodskapen i ein radioreklame vere enkelt og lettfatteleg.

Om att og om att

Mange potensielle kundar har ein fast kommersiell radiokanal som dei lyttar til kvar dag. Kommersielle kanalar sender gjerne reklameblokker tre til fire gonger i timen. Ei reklameblokk inneheld som oftast fleire reklamespottar på 30 sekund som følger etter kvarandre.

På bussen til skulen rekk du derfor å høyre det same reklameinnslaget fleire gonger. Gjentaking gjer at bodskapen festar seg og styrer dei vala vi gjer som forbrukarar. Når reklamespotten blir gjenteken ofte, er det òg større sjanse for å nå dei som berre lyttar på radio i korte periodar i løpet av dagen.

Aktuell og nær

Lurer du på kor du kan få kjøpt den siste iPaden? Radioreklame er enkel å lage, og annonsøren kan derfor vere raskt ute med det nyaste. Det gjer denne forma for reklame godt eigna til reklame for spesielle tilbod i nærmiljøet, noko lokalradioane veit å utnytte.

Lyden skaper biletet

Radioreklame skil seg ut ved at annonsøren berre kan bruke auditive verkemiddel:

  • tale (monolog eller dialog)
  • miljølyd (kontentum)
  • effektlyd
  • musikk

Det aller viktigaste er å ha ein god idé. Enkle dramatiseringar og humor er mykje brukte for å få lyttarane til å høyre etter.

Visste du at

Fram til 1940 var det lov å sende reklame i NRK Radio. Stemmene tilhøyrde gjerne kjende artistar eller skodespelarar.

Radioreklame for vaskemiddelet Persil frå 1930-åra

0:00
-0:00
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2017

Læringsressursar

Auditive medium