Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk lyd i ein produksjon

Vel ei oppgåve for å øve på korleis du kan bruke lyd som verkemiddel i ein medieproduksjon. Den første oppgåva handlar om å lage ein kort lydproduksjon med kontentum og blokk. I oppgåve to kan du filme ei dansescene og eksperimentere med ulike typar musikk.
Jente ser på telefonen sin i skolegården. Bak ho står ein vennegjeng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kontentum

  • Ta med deg ein lydopptakar og ei notatblokk ut i skulegarden. Hugs at du enkelt kan spele inn lyd på ein smarttelefon.
  • Observer og beskriv staden rundt deg og ta opp kontentum (miljølyd) frå skulegarden.
  • Etterpå lagar du ei blokk der du prøver å skape bilete i hovudet til lyttaren. Ikkje les direkte frå notata dine. Då vil blokka høyrast opplesen og uekte ut.
  • Rediger saman blokk og kontentum. Målet er å gi lyttaren ei kjensle av å stå saman med deg i skulegarden.

Oppgåve 2

Film ei dansescene

Silhuett av fire dansande ungdom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Film ei scene der du sjølv eller nokre av medelevane dine dansar til musikk. Sjå gjerne denne korte filmen for å få tips til korleis du bør filme ei dansescene: Filmkjøkkenet Episode 2
  • Lag fleire versjonar av same filmsnutt, der du eksperimenterer med å bruke ulik type musikk. Kva skjer med stemninga i filmen om du legg på klassisk musikk, og kva skjer om du legg på skummel musikk?
CC BY-SASkrive av Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Auditive medium