Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg i lydredigering

Øv deg på å redigere lyd for ulike sjangrar.
Silouhette av mann som redigerer lyd på ein skjerm. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øvingsoppgåve 1: Intervju ein medelev

  • Bruk ein lydopptakar og ta opp eit kort intervju med ein medelev der du stiller fem spørsmål om kva han eller ho har gjort i skuleferien. To av spørsmåla bør vere oppfølgingsspørsmål.
  • Intervjuet skal ha innleiing og avslutning som dette:

    • Innleiing: «Skuleferien er over. Nokre har jobba, andre har berre feriert. ‘Torbjørn’ (bruk namnet til eleven), kva brukte du ferien din til?»
    • Avslutning: «Takk for intervjuet, no set vi tilbake til studio.»
  • Hugs at stemmebruk og engasjement er viktig for å skape interesse hos lyttarane.
  • Vel ut dei mest interessante delane av intervjuet, og klipp det saman i eit lydredigeringsprogram.
  • Legg inn eit kort musikkinnslag på ca. 30 sekund i starten, som passar til temaet. Musikkinnslaget skal feidast ut før intervjuet startar.
  • Eksporter det ferdige innslaget som MP3-fil.

Øvingsoppgåve 2: Remiks ein song

  • Importer ei musikkfil til eit lydredigeringsprogram og klipp henne opp til ein ny komposisjon. Du kan for eksempel endre rekkjefølgja på vers og refreng. Du kan også prøve å remikse to songar til ein.
  • Det er viktig å klippe slik at du ikkje bryt rytmen, og å kryssfeide mellom to klipp på ein mjuk og musikalsk måte.
  • Eksporter remiksen din i MP3-format og spel han av for resten av klassen.

NB! Når du remiksar, tuklar du med eit andsverk andre har laga og har rettar til. Du kan derfor ikkje publisere produksjonen din, berre bruke han som ei intern øving på skulen.

Øvingsoppgåve 3: Lydlegg ein film

Vel et filmklipp frå ein eksisterende film på 3–5 minutt. Ta bort all originallyd og lydlegg filmen på ny. Du skal sjølv lese inn ny dialog, finne ny musikk, ta opp lydeffektar og miljølydar og mikse dette saman med filmbileta.

Du kan laste ned lydeffektar fra freesound.org. Søk også gjerne på nettet etter musikk utan copyright. Nyttar du lydredigeringsprogrammet GarageBand som følgjer med Mac, ligg det musikk og lydeffektar der som du kan bruke.

I GarageBand kan du dessutan importere filmar i Quicktime-format. Då ser du bileta samstundes som du miksar nye lydspor.

Når du les inn voice-over og dialogar, koplar du lydopptakaren eller ein mikrofon til datamaskinen slik at du kan ta opp lyd rett inn i redigeringsprogrammet mens du ser filmen. Du må sørgje for rette input-innstillingar på maskinen og redigeringsprogrammet for å få dette til.

CC BY-SASkrive av Gjert Meling.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2018

Læringsressursar

Auditive medium