Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein radiobulleteng

Det viktigaste først er sentralt når du skal skrive og lese inn ein radiobulleteng (timesnyheiter).
Jente med hovudtelefonar og grøn T-skjorte sit framfor ei datamaskin og snakkar i mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fallande viktigheit er ein nyttig skrivemodell og eit relevant prinsipp når du skal lage ein radiobulleteng. I ei nyheitsmelding handlar dette om at det viktigaste kjem først, og så blir opplysingane gradvis mindre og mindre viktige.

Det viktigaste skal kome først i nyheitssendingane, og nyheitsopplesarane har avgrensa plass. Dei skal fylle ein bulleteng så tett opp mot to minutt som mogleg. Då må det nedste i nyheitsmeldingane kunne kuttast dersom det blir for lite tid i sendinga.

I denne oppgåva kan det vere nokre nye ord og omgrep, og du kan lese ei forklaring av desse omgrepa lenger ned i denne saka ("Ordliste radiobulleteng"). Heilt nedst finn du vurderingskriterium.

Oppgåve: Lag radiobulleteng

Du skal lage timesnyheiter for NRK (nasjonalt eller regionalt) eller P4-nyheitene. Lag ei nyheitssending på to minutt.

Finn ut kva som er dei viktigaste nyheitssakene som utspeler seg akkurat no i dekningsområdet til kanalen din. Bruk to–tre nettaviser for å finne informasjon.

Vel deg neste heile klokkeslett og finn fem–sju nyheitsmeldingar som du skriv etter prinsippet om fallande viktigheit til nyheitssendinga. Opplys om kjelda til nyheita tidleg i kvar nyheitsmelding. Kvar nyheitsmelding skal bestå av cirka fem–sju setningar som er ganske korte.

Skriv intro og outro og toppar til to av dei viktigaste nyheitene.

Lag ein enkel jingle eller finn opne lydressursar med creative commons-lisens. Det ligg ut ein god del på freesound.org (bruk søkjeorda "news" eller "jingle"). Du vel sjølv om du vil bruke underlag eller ikkje.

Øv deg på innlesing, sjekk uttale på uvanlege etternamn eller stadnamn om det er aktuelt i meldingane dine. Marker det viktigaste ordet i kvar setning og legg trykket der. Snakk veldig tydeleg.

Prøv å treffe slik at radiobulletengen varer tett opp til to minutt.

Les inn og eksporter som mp3. Lagre med radiobulleteng og namnet ditt.

Delar i ein radiobulleteng

INTRO/INN: Sei tidspunkt og kanal.

TOPP 1: Ha ei innleiande overskrift på cirka ei setning om ei av hovudsakene.

TOPP 2: Ha ei innleiande overskrift på cirka ei setning om ei av hovudsakene.

NYHEITSMELDINGER: nyheitsmelding 1, 2, 3, 4, 5 (6 og 7)

OUTRO/AVSLUTNING: Sei kanal og namnet ditt.

Ordliste radiobulleteng

Bulleteng: Ein bulleteng er det same som timesnyheiter på radioen. Han presenterer dei viktigaste nyheitene og blir oppdatert før kvar sending.

Fallande viktigheit: Dette er ein skrivemodell som blir brukt i nyheitsjournalistikk og i radiobulletengar. Det viktigaste kjem først, og så blir det gradvis mindre og mindre viktige opplysingar. Denne modellen blir òg kalla den omvende trekanten og den omvende pyramiden.

Intro: Ein intro er ein kort introduksjon der du presenterer tidspunkt, kanal og at det er nyheitene.

Jingle: I starten og nokre gonger i slutten av ein radiobulleteng er det ein jingle (kjenningsmelodi) som er musikk eller effektlyd med nyheitspuls. Nokre gonger er det òg tikkelydar.

Kjelde: Når du finn og skriv nyheitsmeldingar, vil dei normalt sett kome frå ulike kjelder som NRK, VG og Dagbladet. Dersom du har henta informasjon om ein nyheitssak frå ei kjelde, er det viktig at det kjem fram tidleg i nyheitsmeldinga. (Bruk formuleringar som "det skriv", "ifølgje", "skriv" eller "melder" saman med det som er kjelda).

Lydsnutt: I ein lydbulleteng kan de godt ha ein til to korte lydsnuttar med korte svar og kommentarar frå personar som er relevante i dei aktuelle nyheitssakene.

Nyheitsanker/nyheitsopplesar: Nyheitsankeren les opp nyheitene. Det skjer vanlegvis i eit radiostudio. I nokre nyheitshus skriv nyheitsopplesaren alle meldingane, i andre nyheitshus er det fleire som skriv meldingane. Det er viktig at den som skal lese opp meldingane går over språk og tekst før det skal lesast opp på lufta.

Topp/head: Dette er ein kort introduksjon til dei to viktigaste nyheitssakene på om lag ei setning. Han blir lese heilt i starten før sjølve meldingane kjem.

Underlag: Underlag er svak musikk med nyheitspuls som ligg under heile nyheitsbulletengen. Mange les opp nyheiter utan underlag, mens litt meir ungdomlege radiokanalar har ofte underlag, som P3nyheter.

Ut/outro: Dette er avslutninga på nyheitene, sei kanal og namnet ditt. Er det nokre få sekund igjen av tida, kan du seie til lyttarane at dei kan lese meir om nyheitene på nettsidene (sei nettadressa til kanalen din).

Vurderingskriterium radiobulleteng


  • Bulletengen treff tett opp mot to minutt.
  • Bulletengen har intro, toppar, fem–sju meldingar og outro.
  • Miksing av lyd og lydnivå er godt utført.
  • Prinsippet om fallande viktigheit blir brukt.
  • Nyheitsopplesar opplyser om kjeldene.
  • Passar nyheitsmeldingane til kanalen sitt lyttarområde?
  • Stemmebruk, tempo og utheving av ord er passande.


CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Auditive medium