Hopp til innhald

Fagstoff

Fleirsporsredigering av lyd

Kombiner fleire lydtypar for å skape eit godt lydbilete. Her lærer du nokre hovudprinsipp innan fleirsporsredigering av lyd, og du finn ei bruksrettleiing for lydredigering i programma Audition og Audacity.
Redigeringsvindauge som viser ei tidslinje med fleire lydspor med ulike lydtypar under kvarandre. Skjermbilete.

Dei fleste lydredigeringsprogramma gir deg moglegheit til å redigere i fleire lydspor samtidig, slik at du kan kombinere ulike lydar i produksjonen din. Når du går inn i eit redigeringsprogram, kan du velje kor mange lydspor du ønskjer å jobbe i, og du kan legge til fleire etter kvart. Lydspora ligg under kvarandre, og du kan gi dei eigne namn om du ønskjer det.

Lurt å jobbe i fleire spor

Du skaper ein god heilskap og eit betre lydbilete om du kombinerer ulike lydar samtidig. Viss det er ein reportasje på TV eller radio, er det vanleg å legge éin lydtype per spor. Dette hjelper deg å strukturere dei ulike lydtypane du har. Eitt spor kan vere voice-over med journalisten, det andre kan vere intervjuobjekt 1, eit tredje spor kan vere intervjuobjekt 2, og eit fjerde spor kan vere miljølydar frå intervjuet. Eit femte spor kan vere situasjonar frå miljøet som kan gi lyttaren opplevinga av å vere til stades, slik som snorklipping med applaus eller ein racerbil som startar opp mens publikum jublar.

Det finst fleire ulike lydredigeringsprogram, og prinsippa er dei same. Du kan hente ned gratisprogrammet Audacity frå nett eller bruke Adobe-programmet Audition viss du har tilgang til det. Under får du ei bruksrettleiing med tips om korleis du kan gå fram for å redigere lyd.

Struktur i bruksrettleiinga for lydredigering

1. Start opp prosjekt og sorter materialet ditt

1.1 Sorter lydmaterialet og importer filene

2. Rediger lyd i tidslinja

2.1 Manøvrer i tidslinja

2.2 Forkort eller forleng klipp

2.3 Tilpass lydane til kvarandre

2.4 Juster lydnivå

2.5 Fade inn / fade ut

2.6 Jobb med berre eitt spor eller eit utval av spora

2.7 Gjer lydopptak i lydprogrammet

3. Lagre og eksporter

3.1 Eksporter til ny fil

4. Test deg sjølv om fleirsporsredigering

1. Start opp prosjekt og sorter materialet ditt


Når du har skaffa lydfilene du treng i eit prosjekt, er det viktig å sortere dei. Det første du gjer, er å lage ei mappe på datamaskina di der du samlar alle filene dine. Lag ein ryddig mappestruktur. Opne så opp lydprogrammet du skal bruke, og lag eit prosjekt som du lagrar i den same mappa du har lagt lydfilene i.

Som oftast har lydredigeringsprogrammet ei prosjektrute på venstre side. Her kan du importere, strukturere og namngi lydelementa du tenkjer å bruke.

1.1 Sorter lydmaterialet og importer filene

Gå gjennom materialet ditt. Viss du har gjort mange intervju, er det lurt å notere tidspunkt og kva personane snakkar om i lydklippa. Viss du har gjort intervju, vil du ha meir materiale enn det du får bruk for. Høyr gjennom, sorter og vel ut kva du vil fokusere på i lydproduksjonen din.

Legg inn filene i redigeringsprogrammet ved å importere dei frå mappa du laga i steg 1. I Audition trykkjer du på fil->importer (Ctrl+I) og i Audacity trykkjer du på fil->importer (Ctrl+Shift+I).

2. Rediger lyd i tidslinja

No er det på tide å jobbe i tidslinja, også kalla sekvensen. I Audition går du til fil->new->multitrack mixdown (Ctrl+N) for å lage ei tidslinje med fleire spor. Legg ein type lyd per lydspor. Ved å markere "track 1", "track 2" og så vidare kan du endre namnet på lydsporet til det du ønskjer. Du tek tak i lydklippet du vil bruke frå prosjektmappa til venstre og fører det over i tidslinja i det sporet du ønskjer i Audition. Du kan flytte lydklippet ved å ta tak i fila og flytte ho bortover i lydsporet eller mellom ulike spor.

Nært utsnitt av arbeidsområdet i Audacity  med to lydspor og ein rullemeny med "namn" markert. Skjermbilete.

Jobbar du i Audacity, må du sjølv leggje inn dei spora du ønskjer. Gå i toppmenyen, vel spor->legg til nytt->stereo. Gjenta prosessen viss du vil ha fleire spor. Gi kvart spor eit eige namn, om du ønskjer det. Trykk på "lydspor" oppe til venstre for lydsporet, trykk på "namn" og skriv inn det nye namnet. For å leggje inn filer går du inn på fil->importer og finn fila. Du må trykkje F5 for å flytte eit lydklipp på tidslinja.


2.1 Manøvrer i tidslinja

Viss du skal spele av lyden i tidslinja, må du plassere markøren på den staden du ønskjer å høyre på. Markøren er den raude streken som går vertikalt opp i tidslinja i Audition. Han er svart i Audacity. Trykk space for å starte og slutte eit klipp. Du kan manøvrere ved å flytte på markøren med musa eller piltastane.

Den raude streken på lydfila i lydsporet i lydredigeringsprogrammet Audition er markøren. Skjermbilete.

Skal du flytte markøren i Audition, må du velje blå knapp som er på toppen av markøren rett utanfor lydsporet. I Audacity kan du trykkje på ønskt stad rett i lydsporet.

Du kan i tillegg røre deg steg for steg ved å bruke piltastar til venstre eller høgre. For å spole fram eller tilbake held du inne piltastane.


2.2 Forkort eller forleng klipp

Viss du vil forkorte eller forlenge klippet, kan du ta tak i ytterkantane av lydfila når ho ligg på tidslinja og trekkje inn eller ut, då trimmar du klippet. Viss du vil dele opp klippet, vel du klippeverktøy, hurtigtast R (razor) i Audition eller Ctrl+X i Audacity. Bruker du eit anna redigeringsprogram, kan du sjå etter eit lite ikon med eit barberblad eller ei saks. Vil du ta bort eit heilt klipp frå tidslinja, markerer du det og slettar det.


Arbeidsvindauge i lydredigeringsprogrammet Audition. Skjermbilete.

2.3 Tilpass lydane til kvarandre

Er lyden litt for låg, eller har mikrofonen vore stilt på så høgt nivå at lyden er sprengd? Tale bør liggje omtrent 75 prosent opp på lydmeteret og vere mellom –12 og –6 desibel. Miljølyd skal ligge lågare. Skal du kombinere musikk med tale, må musikken liggje lågare enn du trur. Musikk åleine kan ha høgare lyd, men pass på at dei ulike lydane i tidslinja harmonerer saman. I ein del elevprodukt får musikk veldig stor plass og høg lyd, og så kjem det voice-over og intervju som er markant lågare. Dette gjer at det blir dårleg harmoni og produktet blir dårlegare.

Unngå at lyttaren må stille volumknappen opp og ned når han eller ho høyrer på lydproduktet ditt.

2.4 Juster lydnivå

Spel av lyden, og sjå på lydbølgja. Viss heile klippet har for høg eller låg lyd, tek du tak i den gule streken som ligg midt på lydlinja og trekkjer det heile litt opp eller ned i Audition. I Audacity trykkjer du på F2, og så tek du tak i ytre blå kant i lydfila og trekkjer lydnivået på heile klippet opp eller ned.

Viss det er eit lite parti der du ønskjer å stille volumet opp eller ned, kan du bruke det såkalla penneverktøyet. Hurtigtasten for penneverktøyet i Audacity er F2, og du trykkjer direkte på det området du vil setje eit punkt. Penneverktøyet har hurtigtast P i Audition, med det kan du setje inn punkt på den gule linja midt i lydklippet på tidslinja. Då kan du justere lyden opp og ned mellom punkta. Har du altfor låg lyd på eit opptak og ikkje får henta nok lyd ved å dra gul linje heilt opp, kan du høgreklikke og velje “gain”. Prøv deg fram, og ver forsiktig. Bakgrunnsstøy i eit intervju blir tydelegare viss du drar opp lyden.

Biletet viser korleis du kan justere lyd i ei lydfil ved å bruke pennepunkt i lydprogram. Skjermbilete.

2.5 Fade inn / fade ut

Det er vanleg å ha gradvis aukande lyd i starten og slutten av klippa for å gjere overgangane behagelege. Dette kan gjerast ved å leggje inn ein jamn fade eller ved å bruke penneverktøyet til å setje inn punkt som er skildra over i punkt 2.4.

Lytt til eksempelet under. Det er miljølyd frå eit skulemiljø. Frå 2–9 sekund er det eit tydeleg klipp utan fade, og det kan oppfattast brått både i starten og slutten. Frå 11–18 høyrer du det same klippet med fade på starten og slutten som gjer at det er meir harmonisk å høyre på.

Lyd med og utan fade

0:00
-0:00
Lydklipp med og utan fade i lydprogrammet Audition. Skjermbilete.

2.6 Jobb med berre eitt spor eller eit utval av spora

Sjølv om du har mange lydfiler liggjande under kvarandre, går det an å berre lytte til eitt lydspor om gongen om du skal gjere justeringar i berre det eine sporet. I Audition kan du velje M (mute) eller S (solo), og i Audacity kan du velje “demp” og "solo". Mute/demp gjer at du ikkje kan høyre dette sporet, men du høyrer dei andre spora som ligg i tidslinja. Solo gjer at du berre kan høyre det aktuelle lydsporet og resten blir skrudd av. Du finn desse ikona til venstre i kvart lydspor.

2.7 Gjer lydopptak i lydprogrammet

Normalt sett vil det bli betre lydopptak viss du bruker ekstern lydopptakar, men i nokre tilfelle kan du trenge å spele inn lyd direkte i lydprogrammet. Pass først på at det er stille rundt deg og at det ikkje er forstyrrande lydar i opptaksrommet. Bruk ekstern mikrofon om har. Trykk på R eller raud opptaksknapp. Hurtigtast i Audition er Shift+space og i Audacity er det Shift+R.

3. Lagre og eksporter

Hugs å lagre undervegs! Ctrl+S er venen din! Når du byrjar å bli fornøgd med produktet ditt, er det på tide å lagre og eksportere. Først må du høyre gjennom saka i sin heilskap. Er talen tydeleg, er overgangane gode? Er det nokon lyder som er veldig mykje høgare eller lågare enn dei andre på ein forstyrrande måte? Bruk gjerne hovudtelefonar, men pass òg på at lydmeteret ligg på cirka 75 prosent dersom det er tale. Det er greitt med nokre slag mot raudt, og det er òg greitt at lyden er lågare nokon stader sidan ingen lydar ligg konstant på 75 prosent, men pass på at lyden for det meste ligg i det området.

Biletet viser eit redigeringsvindauge i lyd og at det ligg eit lydmeter som viser kor mange desibel lydklippa har i tidslinja. Skjermbilete.

3.1 Eksporter til ny fil

Når du skal dele produktet ditt med andre, held det ikkje å berre lagre prosjektfila. I Audition må du gå inn på fil->eksport->multitrack mixdown->entire session og velje ønskt format. I Audacity går du inn på fil -> eksporter og vel formatet du vil bruke. Wav-filer har god kvalitet, og mp3-filer er meir komprimerte, men dei held normalt sett godt i skuleoppgåver. Skal du levere ei fil i ei skuleoppgåve, må du sjekke om det står spesifisert kva filformat du skal levere.

4. Test deg sjølv om fleirsporsredigering

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2020

Læringsressursar

Auditive medium