Hopp til innhald

Fagstoff

Verkemiddel og lyddesign

Her finn du lydfiler der du lærer om grunnleggjande tekniske funksjonar og verkemiddel du kan bruke i redigeringsrommet. Du får òg ei innføring i lyddesign.
Silhuett av mann som redigerer lyd på ein skjerm. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyd: funksjonar og verkemiddel

0:00
-0:00
Transkripsjon av lydklippet "Lyd: funksjonar og verkemiddel"

I eit innspelings- og redigeringsprogram har ein mange hjelpemiddel tilgjengeleg for å endre på korleis lyden høyrest ut. Vi skal sjå nærare på tre ting: EQ, kompresjon og reverb. Eg skal no gå gjennom kva desse er og lære deg litt meir om korleis desse fungerer.

EQ, eller equalizer, betyr å utlikne. EQ-ar kjem i mange ulike variantar, og den enklaste og kanskje mest vanlege er han du finn på eit stereoanlegg til dømes i bilen eller på TV-en. Det er der du kan stille på bass og diskant. Kort fortalt så er dette to filter som aukar eller trekkjer frå volumet på to bestemde frekvensar. Etter at ein har teke eit lydopptak, kan dette vere noko vi har behov for å gjere, men i redigeringsprogrammet vårt kan ein gå inn og endre på frekvensar med ein kirurgisk presisjon. Grunnen til at dette kan vere nyttig, er at det kan hende at det er nokre frekvensar i opptaket ditt som kan opplevast som plagsame.

Eksempel:
No høyrer du at eg har fjerna all bass i stemma mi.
No høyrer du at eg har fjerna all diskanten i stemma mi.


Vi kan òg komprimere lydopptaket ved hjelp av ein kompressor. Hovudoppgåva til kompressoren er å redusere dynamikkområdet og jamne ut lydopptaket, dempe dei sterkaste lydane og dra opp dei lågaste. Med ein kompressor blir lyden litt tightare, og han er med på å farge lyden på ein spesiell måte.

Eksempel:
No er stemma mi ukomprimert.
No er stemma mi veldig hardt komprimert.

Reverb, eller klang eller atterklang, er ein av dei effektane som blir mest brukte på lyd. Reverb simulerer ulike rom lyden blir spelt av i. Ein har små rom, som ein garasje eller eit bad, og ein har større rom, som til dømes ei kyrkje.

Eksempel:
Dette er eit eksempel på eit stort rom.
Dette er eit eksempel på eit lite rom.

Klang blir ofte brukt for å skape ei breidde og ei djupne og for å lime saman ulike lydopptak slik at det høyrest ut som at dei er tekne opp i det same rommet, men det kan òg brukast kreativt for å skape ei stemning, til dømes.

Alt dette eg har gått gjennom no, kan på ein måte samanliknast med det å redigere eit bilete. Du kan ved hjelp av filter eller ei anna form for etterbehandling tilføre ein spesiell feeling eller endre på korleis lyden var originalt. Hovudtrekka desse har felles, er at dei på ein måte fargelegg lyden din. EQ, kompresjon og reverb er kanskje dei effektane du kjem til å møte først, då dei er som oftast mest brukt. Du kan kome langt med desse tre, så lær dei godt.

Lyddesign

0:00
-0:00
Transkripsjon av lydklippet "Lyddesign"

No vi sjå nærare på korleis du, ved hjelp av lydar og effektar, kan skape ei stemning og underbyggje ei historie. Dette blir kalla lyddesign.

Det finst fleire element innanfor lyddesign, men dei tre viktigaste er: musikk, kva stemning ønskjer ein at lyttaren skal oppleve, foley, lydar som får handlingar til å kjennast meir ekte, og ambiens, som er omgivnader.

For å ta eit eksempel så seier vi at du no har spelt inn ei forteljing. No har du fleire ulike hjelpemiddel tilgjengeleg for å underbyggje dramaturgien i forteljinga di. Ved hjelp av effektar og musikk kan du gjere tydeleg stemninga forteljinga di har. I neste eksempel skal eg vise korleis same setning kan opplevast heilt ulikt, berre ved bruk av musikk.

Eksempel:
"Der såg eg henne. Ho kom mot meg, og lite visste eg om kva som kom til å skje med meg no." (Setningane blir sagt to gonger, først med skummel musikk og så med romantisk musikk.)

For å vidareføre dette litt meir kan ein òg bruke lydar til å underbyggje poenga, og dei kan vere med på å fortelje historia di. Eg kan til dømes leggje på lydane som blir laga av ein gjenstand.

Eksempel:
"Der låg eg på posten min i skogen. Eg ladde geværet mitt. Eg pusta djupt inn. Så skaut eg." (Eit geværskot høyrest.)

I det førre dømet kan ein òg, ved hjelp av lyd, fortelje meir om korleis omgivnadene er og då skape litt meir liv til historia.

Eksempel:
"Der låg eg på posten min i skogen. Eg ladde geværet mitt. Eg pusta djupt inn. Så skaut eg." (Fuglelydar og lyden av vind i bakgrunnen før geværskotet.)

Lyder frå omgivnader kan ein ta opp sjølv, og desse kan jo brukast til mykje ulikt. Til dømes så treng jo ikkje lyden av ei grein som knekk, vere akkurat det. Kanskje du kan klippe i han og ved hjelp av prosessering og effektar bruke han som ei tromme i musikk, til dømes? Så leik deg med det, og prøv deg fram, du har jo uendeleg med moglegheiter.

Om produsent og lydteknikar Håkon Braaten

Portrettbilete av ung mann med skjegg og ytterklede. Foto.

Produsent og lydteknikar Håkon Braaten har produsert desse lydfilene om lydproduksjon. Han er utdanna musikar frå Westerdals Oslo ACT.

Han har jobba med lyd profesjonelt sidan 2014, har vore med på å produsere musikk for fleire artistar og dessutan vore aktiv med turnéverksemd. Han produserer òg ei rekkje podkastar.

Han produserer mellom anna podkastar som Historiepodden, Skrekkpodden og Truecrimepodden vekentleg og fleire av podkastane til TV 2 og til bedrifter og organisasjonar som Tono og Unicef.





CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Auditive medium