Hopp til innhald

Fagstoff

Radiosjangrar

Ein radiosjanger er eit innslag i radio som lyttaren kjenner att fordi innslaget er komponert på ein spesiell måte. Dei forskjellige radiosjangrane nyttar lyd som verkemiddel på ulikt vis.
Alexander Dale Oen og Michael Andreassen i P4. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyheitsmeldingar

Nyheitsmeldingar i radio har eit fast sendetidspunkt med ein nyheitsopplesar. Dei presenterer noko som har hendt. Lyttaren ventar svar på spørsmåla til dei seks spørjeorda kven, kva, kor, korleis, kvifor og når. Lengda på ei nyheitsmelding er på nokre få setningar. Omfattande nyheiter er ofte dekte av journalistar og blir kalla for ei nyheitsblokk.

Nyheitsoverskrifter frå NRK Alltid nyheiter

0:00
-0:00

Nyheitsinnslag på NRK P3

0:00
-0:00

Podkast

Ein podkast er eit lydprogram som informerer eller underheld. Nokre podkastar blir sende på radio, andre kan strøymast på tenester som Spotify og iTunes. Nokre blir sende både på radio og er tilgjengelege i strøymetenester. Det er ofte ein serie med program, men det kan òg vere ein enkeltståande podkast.

Eksempel på podkastar

  • Friminutt med Herman Flesvig og Mikkel Niva (NRK)
  • Lørdagsrådet med Live Nelvik og eit panel med kjende gjestar (NRK)
  • Misjonen med Johan Golden og Atle Antonsen (P4)

Reportasje

Reportasje betyr "å bringe noko tilbake". Reporteren prøver å gi lyttarane kjensla av sjølve å vere til stades under aktuelle hendingar. Ein god reporter bruker mikrofonen til å beskrive opplevinga si, gi bakgrunnsinformasjon, intervjue og bruke miljølyd. Det er vanleg med direkte overføringar frå store hendingar som til dømes politiske demonstrasjonar eller under ski-VM i Oslo.

Radioreportasje om Berlinmuren 1989

0:00
-0:00
Are Kalvø held hendene bak øyrene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Radiokåseri

Ordet kåseri kjem opphavleg frå det franske ordet causer og betyr "å prate". Dette er ein munnleg og subjektiv sjanger der ein framhevar eigne synspunkt om eit bestemt tema. Kjenneteikn på eit kåseri er at det skal vere humoristisk, kombinert med ein kritisk og ironisk undertone.

Morgonkåseri

0:00
-0:00

Montasje

Montasje er radioen sin mosaikk. Det vil seie at ein set saman mange ulike klipp til ein heilskap. Denne kreative sjangeren har gjerne bakgrunnslyd med opplesing av dramatiske forteljingar, slik at lyttaren får illusjonen av å vere ein heilt annan stad. Ein god montasje krev mykje arbeid.

Familien som spela vekk jola

0:00
-0:00

Høyrespel

Høyrespel er ein sjanger som byggjer på dramaet. Dialogen er forsterka av lydeffektar som gir lyttaren eit fantasibilete. Skodespelarane kan ha ulike roller og må dermed ha eit stort repertoar av stemmer. Kontentum og effektlydane er svært viktige for å underbyggje den bestemde stemninga som skal spegle den høyrespelet sin fiktive "location".

Dramaet Agnete av Amalie Skram (1937)

0:00
-0:00

Dokumentar

Ein dokumentar består av autentiske opptak frå det verkelege livet. Materialet er intervju, fakta, forteljarstemme og miljølyd. I tillegg kan dokumentaren ha historiske opptak og arkivmateriale.

Radiodokumentar om verda sett heimanfrå (P2-akademiet)

0:00
-0:00
Silje Ese Haugen i radiostudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sendeflater

P4s radiofrokost er eit eksempel på korleis ein studiovert bind ulike sjangrar saman til ei samanhengjande sendeflate.

P4s Radiofrokost

0:00
-0:00



CC BY-SASkrive av Thomas Nupen og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 27.12.2017

Læringsressursar

Auditive medium