Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikk i radio og podkast

Ei radiosending eller ein podkast er ei historie fortald ved hjelp av lyd. Ei god lydforteljing må vere godt fortald. Då engasjerer ho dei som høyrer på.

Forteljeteknikk i lydforteljingar

Mange lydforteljingar er oppdikta, men ei forteljing kan òg handle om noko som faktisk skjer eller har skjedd. Måten ei historie er fortald på, kallar vi ofte eit narrativ.

Det vi gjer når vi fortel ei historie, kallar vi narrasjon. Forteljaren i ei lydforteljing er viktig for måten vi oppfattar ei historie på. Han eller ho organiserer stoffet og lar oss sjå det som hender, frå bestemde synsvinklar.

Historieforteljande podkastar

Podkastar er redigerte lydprogram som blir distribuerte på internett. I mange podkastar møter vi eit panel med personar som diskuterer eller snakkar laust og fast om eit tema. I andre podkastar er hovudformålet å fortelje ei historie. Slike podkastar blir kalla historieforteljande podkastar.

I denne videoen fortel journalist Sindre Leganger korleis han jobbar med historieforteljande podkastar:

Kort samandrag av videoklippet
  • Når vi berre har lyd å spele på, må lyden vere god, og det som blir sagt, må vere bra.

  • Hald mikrofonen nært intervjuobjekt slik at lyden blir bra, og rydd bort bakgrunnsstøy.

  • Still spørsmåla på ein måte som gjer det mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om.

  • Still oppfølgingsspørsmål. Få intervjuobjektet til å beskrive kvifor.

  • Prøv å lage bilete slik at lyttaren kan sjå det for seg.

  • Viss intervjuobjektet fortel i presens (notid) i staden for fortid, kan det gi meir nærvær og nærleik.

Lytt til døme

Lytt til døme på historieforteljande podkastar:

NRK: Hele historien

Forteljeteknikk i radiointervju

Når du lagar eit radiointervju, er det intervjuobjektet som er "helten" i forteljinga di. Det er jobben din å gjere denne heltefiguren tydeleg for lyttarane.

Sjå gjerne nærare på korleis andre kjende forteljarar grip fatt i saka. Siri Knudsen i NRK P3 let seg til dømes inspirere av Asbjørnsen og Moe då ho jobba med radiodokumentaren sin om artisten Truls Heggero.

Den gode lydhistoria

0:00
-0:00

Forteljeteknikk i radioreportasjar

Ein radioreportasje kan byggast opp dramaturgisk. APUS-modellen eignar seg godt til å strukturere reportasjar og andre forteljingar med lyd. A står for "Anslag", P står for "Presentasjon", U står for "Utdjuping", og S står for "Slutt".

  • Anslaget kjem først. Her får vi vite kva sakahandlar om. Anslaget skal gjere tilhøyrarane nysgjerrige og skape interesse. Anslaget kan bestå av musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd.

  • Presentasjonen gir eit innblikk i kva saka dreier seg om.

  • Utdjupinga skal gi svar på eventuelle spørsmål som er stilte i presentasjonen, og innehalde fleire opplysningar og nyansar.

  • Slutten kan variere litt etter kva saka dreier seg om. Han kan til dømes konkludere, komme med ei siste opplysning eller vere ein "punchline".

Lytt til eit døme

Her er eit døme på forteljeteknikk i ein radioreportasje frå 2017:

NRK Radio: Kamals reise ut

Forteljeteknikk i radiodokumentarar

Ein radiodokumentar består av autentiske opptak frå verkelegheita. Materialet i ein dokumentar er intervju, miljølyd og forteljarstemme. I innslaget nedanfor fortel Siri Knudsen om korleis ho går fram når ho lagar ein radiodokumentar om rockebandet Oslo Ess, eit rock/pønk-band frå Oslo.

Radiodokumentar

0:00
-0:00

Forteljeteknikk i lyddrama

Eit høyrespel eller lyddrama er ei fiktiv forteljing der skodespelarar framfører replikkane. Det er viktig å bruke stemmer som tydeleg skil seg frå kvarandre, slik at tilhøyrarane aldri er i tvil om kven av rollefigurane det er som snakkar. Kulissane blir skapte ved hjelp av ulike miljølydar. Det gir tilhøyrarane eit bilete av kvar og i kva miljø handlinga går føre seg. Musikk og effektlydar skapar og forsterkar kjensler og bygger opp spenning.

NRK Skole har fleire videoklipp som handlar om korleis ein lagar høyrespel:

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Jone Nikolai Nyborg og Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Auditive medium