Oppgåve
Gjer lydopptak
Oppgåve 1
- Ta opp fem miljølydar. Kvart lydopptak skal vare i ca. 1 minutt.
- Ta opp ti effektlydar. Kvar lyd skal vare frå 1 til 5 sekund.
- Lytt deretter til opptaka i klasserommet. Dei andre elevane skal gjette kva lyden er, og kvar han er teken opp.
Oppgåve 2
Lag ei lydforteljing ved hjelp av miljølydar, effektlydar, dialog og musikk. Fortejlinga skal vare i ca. eitt minutt. Forteljinga kan handle om dagligdagse hendingar, som å stå opp og ete frukost, eller noko dramatisk, som når nokon blir påkøyrd og køyrd til sjukehuset for behandling.