Hopp til innhald

Fagstoff

Lyd som verkemiddel

Den norske journalisten Tor Fuglevik har ytra at «radio er intellektets kino og hjertets teater». Lyd skaper altså bilete hos mottakaren. For å bruke lyd på best mogleg måte i ein medieproduksjon er det nyttig å ha kunnskap om både forteljeteknikk og verkemiddel.

I denne videoen får du praktiske tips om korleis du kan jobbe med lyd i ein filmproduksjon.

Forteljeteknikk

Forteljeteknikk i lyddesign dreier seg om korleis ein komponerer ein medieproduksjon med lyd ved hjelp av ulike verkemiddel som skaper bilete hos lyttarane. Det lydspråket du vel å bruke i ein medieproduksjon, anten det er ein radioreportasje, kortfilm eller for eksempel ein reklamefilm, vil påverke korleis mottakaren oppfattar bodskapen.

Verkemiddel

Verkemiddel er dei lydelementa og metodane du vel å bruke for å setje saman lyden i ein medieproduksjon. Korleis du seier det som skal seiast, korleis du bruker musikk og effektlydar, og kva miljølydar du vel, er med på å skape bilete hos lyttaren.

Røyster og replikkar

Replikkar i fiksjonsfilm, ytringar i eit intervju eller ein kommentar i ein reportasje eignar seg godt til å formidle informasjon. Eit verkemiddel som ofte blir brukt i radio, er at programleiaren snakkar direkte til lyttaren. Dette skaper større engasjement, og programmet kjennest meir personleg for mottakaren. Intervjuet i radio og TV blir nesten alltid brukt for å få fram fakta og ulike synspunkt på ein balansert måte. Men eit intervju kan innehalde fleire røyster samstundes. På radio kan det gjere det vanskelegare å forstå bodskapen.

Blokk og speak

Ei blokk på radio, eller speak på TV, er reporteren si forteljarrøyst i ein reportasje. Dette blir lese og redigert inn i etterkant for å binde element som intervjustrekk, musikk eller miljølyd betre saman. Skilnaden på ei blokk og ein speak er at blokka skal skildre og skape bilete for lyttaren som ikkje kan sjå. Blokka er også viktig for å formidle fakta og informasjon om for eksempel kven vi har intervjua. I TV taler derimot bilete og plakatar for seg sjølve, og speaken blir meir eit supplement til bileta vi ser.

Kontentum

Kontentum eller reallyd er opptak av miljølydar på opptaksstaden. Det kan vere trafikkstøy, barn som ler, fuglesong, eller berre klangen i det rommet opptaka blir gjorde i. Slike lydar kan bidra til å formidle kva slags miljø og atmosfære filmen eller reportasjen utspeler seg i.

Musikk

Musikk blir brukt til å framheve stemningar og påverke kjenslene våre. Å klippe på rytme er som regel viktig dersom musikken er har ein sentral plass. Men som eit verkemiddel kan du også bruke musikk som står i kontrast til den stemninga bileta formidlar. Ei skremmande historie blir følgd av ein annan type musikk enn ei romantisk forteljing.

Effektlydar

Effektlydar er lydar du anten produserer sjølv eller finn i eit lydarkiv. Det kan for eksempel vere ein ekstra tydeleg lyd av ei dør som knirkar, eller ein annan skummel lyd som gjer at dei som ser filmen, får ei kjensle av fare og dramatikk. Effektlydar kan lett misforståast om dei blir brukte feil.

Stille

Stille er eit verkemiddel som kan brukast for å lage ein pause, gå frå eit tema til eit anna, markere ein slutt eller skape spenning.

Diegetisk og ikkje-diegetisk lyd

Lyd framhevar og forsterkar stemningar og er derfor ein viktig del av totalopplevinga av ein film. Det blir brukt både lyd som høyrer naturleg heime der filmen blir teken opp, og lyd som blir lagt til. Det blir kalla diegetisk og ikkje-diegetisk lyd.

Diegetisk lyd kan vere lyden frå ein bil som køyrer forbi, eller musikk frå eit radioapparat som står på i bakgrunnen. Det er lyd som høyrer naturleg heime i filmuniverset, der handlinga går føre seg.

Eksempel på ikkje-diegetisk lyd er lydeffektar og musikkspor som blir lagde på i etterkant. Det er lyd som ikkje finst naturleg i filmuniverset.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen, Ragna Marie Tørdal og Mairi Macdonald.
Sist fagleg oppdatert 28.12.2017

Læringsressursar

Auditive medium