Hopp til innhald

Fagstoff

Vel rett mikrofon

Det finst mange typar mikrofonar, så her gjeld det å velje rett! Ein mikrofon er gjerne tilpassa eit spesielt bruksområde. Nokre fangar opp lyden berre i eit smalt område, andre tek med all lyd i eit breitt lydområde.

Det finst to hovudkategoriar mikrofonar: dynamiske mikrofonar og kondensatormikrofonar. Dynamiske mikrofonar er ikkje avhengig av eigen straum. Derfor er dei godt eigna som reportasjemikrofonar. Kondensatormikrofonar er straumavhengige og blir derfor gjerne nytta i lydstudio.

Ein annen måte å dele inn mikrofonar på er etter korleis dei fangar opp lyden. Det kallar vi mikrofonkarakteristikk. Nokre mikrofonar er veldig retningsorienterte og fangar opp lyden berre i eit smalt område rett framfor mikrofonen (shotgunkarakteristikk), mens andre kan fange opp lyden rundt heile seg (kulekarakteristikk).

Skisse som viser lydområdet for ulike mikrofonar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Shotgunmikrofonar (halvkanon)

Retningsstyrt mikrofon. Foto.

Alle shotgunmikrofonar, eller halvkanonar, er kondensatormikrofonar. Det inneber at dei er avhengige av straum, og at dei er vare for handrørsler, risting og vind. Derfor bør du alltid ha ein zeppeliner på kanonen når du gjer opptak utandørs. Han er hengd opp i gummi og vernar mot vind, risting og handrørsler. Når vinden blæs på zeppelineren, kan du likevel få uling og sus på opptaket. For å unngå det må du pakke mikrofonen inn i pelstrekk.

Kulemikrofonar

Mikrofon. Foto.

Dersom du skal intervjue nokon, og det er i orden at mikrofonen er synleg i biletet, kan du bruke ein handmikrofon. Denne typen mikrofon er mykje brukt i nyheitsinnslag og gir heilt fin lyd.

Handmikrofonen er dynamisk og mindre var for støy som oppstår når du beveger handa.

Myggmikrofonen

Myggmikrofonen passar bra på TV-intervju fordi han er så liten at han ikkje kan sjåast. Han kan fint plasserast på skjorta eller kjolen. Dersom myggen har sendar, kan intervjuobjektet også bevege seg fritt.

Lydopptaker påkobla myggmikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gjert Meling, Stein Pettersen-Ervik, Jone Nikolai Nyborg og Dag Øverland.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019

Læringsressursar

Auditive medium