Hopp til innhald

Fagstoff

Om lyd og lydopptak

Her finn du lydfiler der du lærer om lyd og om kva du må passe på i opptakssituasjonen.
Fargerikt bilete av menneske, høgtalarar og lyd i kaos. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om lyd

0:00
-0:00
Transkripsjon av lydklippet "Om lyd"

No skal vi prate om lyd. Veit du kva lyd faktisk er? Sjå for deg at du kastar ein stein i vatn. Når steinen treffer vatnet, oppstår det bølgjer som breier seg utover. For å ta eit eksempel er dette veldig likt det som skjer når ein klappar i hendene. Når du klappar, skjer det same med lufta rundt deg, men du kan ikkje sjå det fordi at lufta er usynleg, og til slutt når lydbølgjene fram til nokon sine øyre. Inne i øyra sit det små membranar som vi kallar for trommehinner. Desse er nesten som eit trommeskinn, og dei blir sette i rørsle av lydbølgjene. Denne rørsla blir tolka av hjernen, og ho fortel deg at nokon har klappa i hendene.

På grunn av at du har to øyre, er du i stand til å høyre der lyden kjem frå, og om han til dømes er langt unna. Lydbølgjene treffer først det eine øret og så det andre. Dette tolkar hjernen din og gir deg mykje informasjon om retninga til lyden, styrke, rommet du er i, og kva som faktisk skjer i rommet du er i, og ein heil del andre ting som du kanskje aldri har tenkt over.

Og no som du veit litt meir om kva lyd faktisk er, kan vi jo spørje korleis ein mikrofon fungerer òg. Ein mikrofon fangar opp lydbølgjer og konverterer desse til eit elektrisk signal.

Lydopptak og opptakssituasjonen

0:00
-0:00
Transkripsjon av lydklippet "Lydopptak og opptakssituasjonen"

No skal vi ta for oss sjølve opptakssituasjonen. Her kjem vi inn på nokre ting du bør tenkje på når du skal ta eit lydopptak, og vi skal sjå nærare på tre ting: mikrofonteknikk, rom og støy.

Utan å gå for mykje inn på utstyr og programvare ein kan nytte seg av når ein skal ta opp lyd, vil eg no fokusere på sjølve opptakssituasjonen, og vi startar med regel nummer éin, det som blir kalla mikrofonteknikk.

Den generelle førsteregelen når det gjeld opptak av lyd, er at mikrofonen skal vere så nært lydkjelda som mogleg. Dette gjeld spesielt i intervjusituasjonar fordi at ein ønskjer at alle som pratar, skal kunne høyrast klart og tydeleg. Grunnen til at ein følgjer denne regelen, er at ein ofte får mykje romkjensle i eit opptak der intervjuobjektet er eit stykke frå mikrofonen. Du vil no få høyre nokre eksempel på korleis dette kan høyrast ut.

Eksempel, sagt med tre ulike avstandar til mikrofonen:
Bruksrettleiinga, som var klar og oversiktleg, ho trong vi eigentleg ikkje.

Eksempla du høyrde i stad, er tekne opp i eit studio, med mikrofonar og utstyr som er spesielt laga for lydopptak, men det er ikkje slik at dette er noko du treng for å kunne ta eit lydopptak.

Dei aller fleste har ein mobiltelefon. Alle mobiltelefonar har ein innebygd mikrofon, og dei aller fleste mobiltelefonane har ein app for taleopptak. Vi skal no bruke denne til å ta opp litt ulike eksempel, og du vil då få nokre tips til kva du bør tenkje på for å få eit slikt lydopptak best mogleg. Hugs at det vi lærte i stad, mikrofonteknikk, det gjeld her òg.

No skal vi sjå nærare på rommet eg vel å ta opptaket mitt i. Her er det òg eit par ting som det kan vere greitt å tenkje på når ein skal ta eit opptak.

Eksempel, rom med harde flater:
No har eg starta eit opptak med telefonen min. Legg du merke til at dette høyrest litt rart ut? Det høyrest ut som eg står i eit rom som har ein del klang, ikkje sant? Vel, det er heilt riktig. No er eg i eit relativt lite rom som berre har murveggar. Her vil det oppstå ein del atterklang frå meg på grunn av at alle veggane her er det vi kallar harde flater. Lydbølgjene vil ikkje bli absorbert av noko, og dermed blir dei kasta fram og tilbake mellom veggane her. Dette vil ein høyre på opptaket sjølv om eg har mikrofonen så nært meg som mogleg.

Eksempel, rom med mjuke flater:
No har eg flytta meg inn i eit anna rom. Høyrer du no at lyden her er betre?

Rommet eg står i no er cirka same storleik som i det førre eksempelet, men forskjellen er at dette rommet har mange mjuke flater som absorberer meir av lydbølgjene eg sender ut.

Dersom du ikkje har eit rom med mykje mjuke flater tilgjengeleg, prøv å tenkje på om du har med deg noko som kanskje kan dekkje til delar av dei harde overflatene. Kan ein til dømes hengje ei jakke ein stad? Er du kanskje i heimen din? Har du til dømes handkle eller ei dyne tilgjengeleg?

No spør du deg sjølv kanskje: men kva viss eg skal ta opptak ute, då? Når det gjeld opptak utandørs, vil ein ikkje oppleve den same romkjensla fordi at ofte vil ikkje lydbølgjene ha noko å treffe og sprette tilbake frå. Det som er viktig å tenkje på i staden då, er korleis situasjonen er. Er det mykje vind? Prøv å finne ein stad som blir skjerma av vinden. Dersom det ikkje går, prøv å dekkje til mikrofonen slik at han blir skjerma for vinden.

Eksempel, opptak utandørs:
No har eg starta eit opptak utandørs. I dag blæs det ikkje så mykje, men eg har framleis valt å finne ein stad der eg blir litt skjerma dersom det eventuelt skulle kome eit vindkast.

Til no har vi vore gjennom eit par grunnleggjande ting som kan vere greitt å hugse på når du skal ta eit lydopptak, og no skal vi sjå nærare på den siste regelen min for denne gongen. Regel nummer tre er å fjerne ting som kan skape støy i opptaket ditt. Det eg meiner med støy her, er ting som blir opplevd som forstyrrande.

Eksempel, opptak med TV i bakgrunnen:
Høyrer du no at det er ein TV på i bakgrunnen? Denne forstyrrar jo så mykje at det kan vere litt vanskeleg å følgje med på kva eg eigentleg seier no.

TV blir skrudd av:
Vart det betre no? No skrudde eg av TV-en, og dermed er det ikkje noko i lydopptaket som stel fokuset ditt. Når du skal ta eit opptak, prøv å gjennomføre det i eit så stille rom som mogleg.

Eksempel, opptak med støyande vifte i bakgrunnen:
Høyrer du vifta i bakgrunnen? Kva er det smartaste for meg å gjere no?

Vifte blir skrudd av:
Eg vel å skru av vifta, slik at lydopptaket av stemma mi blir så reint som mogleg.

Lydar i bakgrunnen, musikk og naturlydar er jo gode eksempel på element ein gjerne ønskjer å ha med i eit opptak for å skape ei stemning eller ein dramaturgi, men dette er det som regel best at ein legg på etterpå, for då har ein meir kontroll over det, og vi kan lettare redigere innhaldet vårt.

Husk på dei tre reglane vi har gått gjennom.

Nummer éin: mikrofonteknikk. Hald mikrofonen så nært lydkjelda som mogleg.

Nummer to: rom. Tenk over korleis rommet du skal gjennomføre opptaket ditt i, er. Mjuke flater.

Nummer tre: støy. Fjern ting som forstyrrar opptaket ditt.

Så har eg eit ekstra tips til deg heilt på slutten her: Headset kan vere veldig smart å bruke når ein tek eit opptak dersom det er mogleg, då veit ein alltid sånn cirka korleis det læt mens ein er i opptakssituasjonen. Dette er ein fin måte du kan følgje litt med på kva du får under opptaket.

Så prøv deg litt fram, test litt ulike opptak i ulike rom, både inne og ute. Som med alt anna: Øving gjer meister.

Om produsent og lydteknikar Håkon Braaten

Portrettbilete av ung mann med skjegg og ytterklede. Foto.

Produsent og lydteknikar Håkon Braaten har produsert desse lydfilene om lydproduksjon. Han er utdanna musikar frå Westerdals Oslo ACT.

Han har jobba med lyd profesjonelt sidan 2014, har vore med på å produsere musikk for fleire artistar og dessutan vore aktiv med turnéverksemd. Han produserer òg ei rekkje podkastar.

Han produserer mellom anna podkastar som Historiepodden, Skrekkpodden og Truecrimepodden vekentleg og fleire av podkastane til TV 2 og til bedrifter og organisasjonar som Tono og Unicef.





CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Auditive medium