Hopp til innhald
Fagartikkel

Digitale skilje og informasjonskløfter

Digitale skilje og informasjonskløfter kan representere eit demokratisk problem. Dersom folk ikkje får tilgang til eller forstår informasjon, kan det hindre dei i å vere med på viktige avgjerder. Nyheitsmedia kan svekkje informasjonskløfter, men kan også bidra til å skape skilje og kløfter.

Digitale skilje og informasjonskløfter

Dagens samfunn blir ofte kalla eit informasjonssamfunn. Enorme informasjonsmengder er i omløp. Eit breitt utval av medium gir oss gode moglegheiter til å ta del i samfunnsdebatten og skaffe oss viktig informasjon.

Store informasjonsmengder skaper også utfordringar. På internett kan det til dømes vere vanskeleg å finne informasjon som er kvalitetssikra og brukarvenleg. Det kan også vere utfordrande å avsløre falsk informasjon på nettet.

Kva er digitale skilje?

Digitale skilje er systematiske forskjellar som oppstår som ei følgje av at individ og befolkningsgrupper har ulik digital kompetanse og ulik tilgang til digital teknologi og digitale nettverk.

Dei aller fleste i Noreg i dag bruker internett og er kopla til eit breiband, men ikkje alle har den digitale kompetansen som skal til for å ta del i eit samfunn der viktige prosessar blir styrte av digitale løysingar.

Kva er informasjonskløfter?

Omgrepet informasjonskløft beskriv skiljet som oppstår når ei gruppe i befolkninga har tilgang til mindre informasjon, eller annan informasjon, enn andre grupper.

Informasjonskløfter oppstår når folk har ulik tilgang til informasjon, og når det blir store forskjellar mellom dei som kan tileigne seg viktig og relevant informasjon, og dei som ikkje kan det. Mens nokre hentar ut mengder med ny informasjon på internett og utvidar kunnskapen sin, lèt andre seg oftare avspore av underhaldning og lite relevant informasjon.

Tendensen er aukande skilje og større kløfter

Forskjellane i mediebruken har ein tendens til å forstørre kløftene mellom dei som allereie har mykje kunnskap, og dei som har lite. Tendensen er at informasjonskløfter heller aukar enn minkar i omfang.

Til dømes vil menneske med høg utdanning og god teknologisk kompetanse klare å tileigne seg ny informasjon på ein effektiv måte, mens dei som ikkje har kompetanse til dette, kan falle utanfor. Dette kan føre til at kløftene og dei digitale skilja i samfunnet aukar.

Informasjonskløfter og demokrati

Retten til informasjon er knytt til demokratiske rettar. Det betyr at alle har rett til å få informasjon som er tilpassa behova deira. Det er viktig at folk har tilgang til og kan bruke informasjonen som er i omløp. Eit mangfaldig medieinnhald av god kvalitet er eit viktig prinsipp for eit levande demokrati.

Utfordring for demokratiet

Informasjonskløfter kan representere eit demokratisk problem. Dersom nokre grupper ikkje får tilgang til informasjon, kan det hindre dei i å vere med på viktige avgjerder. Dette kan få konsekvensar på både individ- og samfunnsnivå.

Informasjonskløfter og rolla media har

Internett opnar opp for enorme mengder informasjon. Noko av informasjonen er godt grunngitt, men vi finn også store mengder einsidig og falsk informasjon på nettet. Derfor er det avgjerande at det finst medium som representerer og treffer befolkninga med allsidig og kvalitetssikra informasjon.

Media kan redusere informasjonskløfter

Nyheitsmedia er viktige og nyttige for samfunnet vårt. Ei fri presse er mellom dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Nyheitsmedia stiller krav til breidde og kvalitet i formidlinga, og dei skal formidle påliteleg informasjon med omsyn til både innhald, vinkling og mangfald.

Dersom vi skal ta aktivt del i samfunnet og den offentlege debatten, er vi avhengige av media. Media skal leggje til rette for debatt om viktige samfunnsspørsmål og skal, ideelt sett, bidra til å jamne ut forskjellar i samfunnet.

Måten nyheitene blir formidla på, kan også bidra til å redusere kløfter og skilje. Gjennom digitale medium kan store grupper effektivt tileigne seg informasjon. Dette kan bidra til å minske informasjonskløfter. Ved dramatiske hendingar blir informasjon raskt spreidd til mange menneske. Vi såg dette skje då landet stengde ned i mars 2020, under koronaepidemien.

Media kan skape informasjonskløfter

Enkelte mediesaker kan vere utfordrande å formidle. Krevjande informasjon om til dømes politiske prosessar eller kompliserte handelsavtalar krev gjerne at publikum har bakgrunnskunnskap. Gjennom slike saker kan media derfor bidra til å skape eller forstørre informasjonskløfter. Dei som har kunnskap om temaet frå før, blir oppdaterte og kan dra nytte av informasjonen, mens andre fell utanfor.

Informasjonsoverskot kan også skape kløfter. Dersom vi blir utsette for store mengder informasjon frå media, kan det bli vanskeleg å finne fram til den informasjonen som er viktig og relevant. Det kan oppstå skilje mellom dei som er i stand til å sortere og lagre relevant informasjon, og dei som ikkje er det.

Representasjon i media

Representasjon i media har innverknad på kor store eller små informasjonskløfter det blir i eit samfunn. Nyheitsmedia skal treffe breitt, og alle skal oppleve dei som relevante. Media har innverknad på den offentlege debatten, og eit mangfald av stemmer i media er ein demokratisk føresetnad.

Informasjon frå media når ikkje alle. Dersom nyheitsmedia ikkje kjennest relevante, vil grupper og miljø finne alternative kjelder og gå glipp av sentral informasjon. Samfunnsgrupper blir marginaliserte og passiviserte og fell utanfor den offentlege debatten. Det forsterkar forskjellane mellom dei som veit, og dei som ikkje veit, og mellom dei som kjenner tilhøyrsel til og vil ta del i fellesskapen, og dei som ikkje vil det.

Skodespelaren, programleiaren, komikaren og tekstforfattaren Jonis Josef poserer smilande framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Kva veit eg?

Informasjonskløfter og digitale skilje

I denne podkasten høyrer du Jonis Josef i samtale med Dag Slettemeås. Kva er informasjonskløfter, og kva er digitale skilje? I samtalen får vi presentert ulike perspektiv: Kva utfordringar ser vi for...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Sentrale omgrep

Kjelde

Schwebs, T., Ytre-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet. Samlaget.