Finn dei digitale spora dine
Lag ei liste over moglege digitale spor du sjølv kan ha lagt etter deg i løpet av gårsdagen, og forklar korleis desse spora har oppstått.
Søk deretter etter digital informasjon som kan fortelje deg noko om kva medeleven din gjorde i går.
Del informasjonen de har funne fram til. Kor mykje veit de om kvarandre ut frå søk i opne kjelder?
Kva slags bilete kan ein utanforståande, med eksklusiv tilgang til digitale kjelder og nok ressursar, danne seg av ut frå dei digitale spora de har lagt igjen?
Er det noko av denne informasjonen som kan misbrukast av andre, og i så fall på kva måte?
Kva kan de eventuelt gjere for å slette digitale spor eller la vere å leggje igjen digitale spor?
Bakgrunnsressursar
Nettavisen: Slik sjekker du hva Facebook vet om deg
NRK: Ble manipulert etter NRK-spionering på hans digitale liv
Relatert innhald
Bevegelsane våre på nett blir spora. Føremålet er ofte å kunne skreddarsy reklame. Å unngå sporing er vanskeleg, men det går an å redusere sporinga.
Er ein person anonymisert om det tek mindre enn 15 sekund å finne ut kven han er?