Radioreportasje om digitalt utanforskap
Digitalt utanforskap vil seie at ein person ikkje har den digitale kompetansen som skal til for å delta i eit samfunn der utdanning, arbeidsliv, offentleg tenesteyting, demokratisk deltaking og tilgang til informasjon og underhaldning er avhengig av digitale løysingar.
Lag ein publiseringsklar radioreportasje med temaet digitalt utanforskap.
Du skal intervjue to personar til reportasjen.
Du vel sjølv vinkling på saka; ho kan til dømes handle om demokratiske utfordringar ved digitalt utanforskap, konsekvensar av digitalt utanforskap blant eldre eller tiltak for å tette det digitale gapet mellom ulike grupper i samfunnet.
Målgruppa for radioreportasjen er medelevane dine. Ver medviten på målgruppe når du planlegg oppbygging og bruk av verkemiddel.
Gjer grundig research; finn relevant og kvalitetssikra statistikk som kan underbyggje temaet.
Tips til bakgrunnsstoff
Relatert innhald
Korleis kan media skape eller minske informasjonskløfter og digitale skilje i samfunnet?
Når du skal lage ein radioreportasje, er det viktig å planleggje oppbygging og bruk av verkemiddel.