Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Globale digitale skilje

Det digitale skiljet som handlar om tilgang til datamaskiner og internett, skaper globale utfordringar. Kva utfordringar og moglegheiter vil tilgang til internett innebere for dei fattige i verda?
Afrikansk barn les på mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1) Undersøk statistikk og reflekter

I Noreg har vi klart å svekkje det digitale skiljet som handlar om tilgang til datamaskiner og internett. I dag bruker dei aller fleste internett og er kopla til eit breiband.

I verda sett under eitt er det likevel store skilnader når det gjeld kven som har tilgang til datamaskiner og internett.


A) Studer FNs statistikk om internettbrukarar

  • Studer FNs statistikk om internettbrukarar.

  • Vurder tala. Kommenter nokre utvalde tal.

  • Mellom kva land er skilja størst? Finn døme på land som ligg på toppen og botnen av statistikken.

  • Samanlikn Noreg og Bangladesh. Korleis har utviklinga i internettbruk vore dei siste 10 åra?

B) Reflekter i par

  • Det er store skilnader i verda når det gjeld tilgang til datamaskiner og internett. Kva konsekvensar har desse skilnadene?

  • Kvifor er det viktig å setje søkjelys på digitale skilje og informasjonskløfter mellom fattige og rikje land?

Oppgåve 2) Skriv eit lesarinnlegg

Formuler ein påstand som handlar om globale digitale skilje, og skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer for påstanden.

Bruk gjerne argument som dreier seg om

  • samfunnsutvikling og økonomisk utvikling

  • utdanning og læring

  • informasjon og tilgang til nyheiter

Presenter argument, gå i djupna, og vis til ulike perspektiv og sider ved påstanden. Lag ein passande tittel.

I eit lesarinnlegg skal du òg fremje den personlege meininga di. Bruk fagomgrep og språklege verkemiddel aktivt.

Relatert innhald

Sluttrefleksjon

  1. Kvifor er det viktig at media publiserer innhald som handlar om digitale skilje og globale utfordringar som dette?

  2. På kva måte kan lesarinnlegget ditt påverke den offentlege debatten?

  3. Korleis kan media bidra til å svekkje informasjonskløfter og digitale skilje i samfunnet?


To afrikanske barn sit framom ei datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga