Hopp til innhald

Fagstoff

Podkast: Dataa dine er til sals

I denne podkasten diskuterer Martin Gundersen, journalist i NRK Beta, og Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, korleis selskap handlar med persondata som er samla via appar på mobiltelefonar og nettbrett.
Direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klikk her for å høyre på podkasten «Teknologi og mennesker», episode 54: «NRK-avsløring: Dine data er til salgs»

«Teknologi og mennesker» er ein podkast frå Atea og Oslo Business Forum. Programleiar er Christian Brosstad.

Samandrag

I denne podkasten diskuterer Martin Gundersen, journalist i NRK Beta, og Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, korleis selskap handlar med persondata som er samla via appar på mobiltelefonar og nettbrett. NRK hadde i 2019 eit prosjekt der dei ønskte å undersøkje ein bransje som driv med kjøp og sal av persondata. Dei tok kontakt med fleire selskap om å få kjøpe anonyme data om norske forbrukarar. For 35 000 kroner fekk dei data om 140 000 mobilar og nettbrett og kvar dei hadde vore i periodar i 2019. Dataa inneheldt ikkje namn eller telefonnummer, berre staddata. Ved å analysere staddataa greidde journalistane å identifisere fleire av personane dei hadde fått data om, gjennom å sjå kvar dei hadde opphalde seg mest. Til dømes kan ein sjå på kvar ein oppheld seg til ulike tider av døgnet, for å finne utkvar vedkomande bur og jobbar, og ut frå dette er det ikkje vanskeleg å finne ut kven ein person er.

Selskapa som samlar inn staddata, gjer det vanlegvis under påskot av at dei kan tilby betre brukaroppleving og betre tenester som er relevante for kvar du er. I brukaravtalen du inngår når du installerer ein app, er det vanlegvis eit punkt som seier at informasjonen appen samlar inn, også kan delast med partnarane til apputviklaren. Ifølgje Forbrukarrådets rapport «Out of Control» kan personinformasjon om éin person frå éin app bli spreidd til over 4000 partnarselskap. Store mengder persondata er verdifullt for markedsførings- og reklameselskap, sidan det kan brukast til å utvikle målretta og meir effektiv reklame og marknadsføring.

Den europeiske personvernforordninga (GDPR) er utvikla for at det skal vere enklare for forbrukarar å vite kva personopplysningane deira blir brukte til. Det blir blant anna stilt krav til verksemder som skal behandle personopplysningar, at dei må gi kort og forståeleg informasjon om korleis dei behandlar personopplysningar.

Mobilsporing

Mobiltelefon med appar. Foto.

I prosjektet Mobilsporing har NRK undersøkt fenomenet overvaking via mobiltelefonar og nettbrett. Dei har funne ut at data om norske mobilar blir spreidde over heile verda, og det er mange selskap som handlar med denne informasjonen. Informasjonen blir samla inn via appar som i tillegg til hovudfunksjonen lagrar data om kvar telefonen er til kvar tid, og lastar det opp på internett. Desse staddataa blir selde vidare til såkalla dataforhandlarar, som sel posisjonsdata til kommersielle aktørar, myndigheiter og andre som har interesse av å kjenne til rørslene til folk. Dataforhandlaren hevdar at dataa er anonymiserte sidan dei ikkje inneheld informasjon om namn, telefonnummer og IP-adresser, men NRK har klart å identifisere personar berre basert på staddata.

Hvem som helst som kjøper denne dataen kan likevel kartlegge identiteten til personene i materialet. Hver enkelt telefon har en unik identitet. Man kan dermed se på alle bevegelser til en spesifikk telefon, og se hvor eieren sover, jobber og oppholder seg på fritiden. Ofte vil det bare kreve noen minutters arbeid i kombinasjon med søk i sosiale medier å finne eierens navn og identitet.

8300 mobiler sporet på sykehus og krisesentre – NRK.no

Ein av personane NRK greidde å spore, var Karl Bjarne Bernhardsen frå Stavanger. I perioden der dei hadde staddata om Karl Bjarne, kunne dei sjå rørslene hans frå heim til jobb, dei kunne sjå at han hadde vore på sjukehuset ein kort periode, og dei kunne sjå at han hadde besøkt ei anna bedrift enn den han jobba i. Dei kunne òg sjå at han byrja å dra til denne bedrifta kvar dag kort tid etter. Dei kunne derfor konkludere med at det første besøket til den andre bedrifta var eit jobbintervju, og at han fekk jobben kort tid etter. Besøket på sjukehuset fekk dei seinare vite at var i samband med at sonen hans blei fødd. NRK kontakta Karl Bjarne og la fram informasjonen dei hadde funne om han. Du kan lese meir om denne historia i NRK-saka Avslørt av mobilen.

Du kan lese meir om personvern og GDPR i emnet «Lovverk».

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga