Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norsk språk i eit nytt medielandskap

Unge i dag har vakse opp i ei globalisert medieverkelegheit. Dei er den første generasjonen som potensielt kan velje bort alt norsk innhald. Men kva skjer då med det norske språket?
Foto av ryggen til ein person med lusekufte og ein gammaldags ryggsekk der det stikk opp eit norsk flagg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språkrådet om situasjonen for det norske språket

Språkrådet skriv i rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur (2018) følgjande om norsk språk i møte med globale medieaktørar:

[…] Utan ein medviten mediepolitikk som i alle samanhengar tar omsyn til stillinga til norsk språk, er det fare for at norsk kan miste den posisjonen språket har hatt på mediefeltet. […]

[…] Dersom dei nye aktørane i endå større grad styrker posisjonen sin i marknaden, bør ein derfor vurdere å stille språklege krav til innhaldet […]

Oppgåve: Føreslå og prioriter tiltak

Lag ei prioritert liste med ti tiltak som kan bidra til å styrkje posisjonen til det norske språket på mediefeltet.

Kjelde

Språkrådet (2018). Språk i Norge – kultur og infrastruktur. https://sprakinorge.no/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga