Utforsk temaet informasjonskløfter og skriv kronikk
Oppgåva legg opp til utforsking og djupnelæring av eit viktig tema i mediesamfunnet: informasjonskløfter.
Undersøk og gå i djupna. Samarbeid med medelevane dine for å utvide kunnskapen din.
Bruk ei utforskande tilnærming til fagstoffet. Forklar og utdjup. Leit og finn samanhengar, og bruk dine eigne ord.
Til slutt reflekterer du over eigen læringsprosess.
Svar på spørsmåla:
Kva er informasjonskløfter?
Kva kan informasjonskløfter føre til?
Relatert innhald
Korleis kan media skape eller minske informasjonskløfter og digitale skilje i samfunnet?
Søk etter informasjon om informasjonskløfter på internett, ha ei kjeldekritisk haldning til stoffet du finn. Skriv ein kort tekst med utgangspunkt i kjeldene du har funne, der du forklarer omgrepet informasjonskløfter med eigne ord.
Finn informasjon på internett om kva faktorar som kan skape informasjonskløfter i eit samfunn. Bruk informasjonen du finn, og lag ei punktliste med ulike faktorar.
Samanfatning: Gå gjennom og samanlikn omgrepsforklaringa og punktlista di med ein medelev.
Søk på ulike norske nyheitsnettstader etter journalistisk innhald som handlar om informasjonskløfter. Du kan òg søkje etter fagtekstar om temaet på internett eller finne informasjon på skulebiblioteket.
Kan du finne innhald som set søkjelys på konsekvensar av informasjonskløfter?
Kan du finne innhald med tiltak som kan motverke informasjonskløfter?
Lag ein digital presentasjon der du svarer på dei følgjande spørsmåla:
Kva er informasjonskløfter?
Kva faktorar kan skape informasjonskløfter?
Kva er konsekvensane av informasjonskløfter?
Målgruppa for presentasjonen er medelevane dine.
Skriv ein kronikk der du går inn på ei sjølvvald problemstilling knytt til informasjonskløfter.
Målet med kronikken er at du skal invitere lesarar utan førehandskunnskap til å forstå bodskapen din. Bruk kunnskapen du har tileigna deg når du skriv kronikken.
Kva har du lært gjennom arbeidet med denne fordjupingsoppgåva?
Korleis kan du bruke erfaringar i arbeid med andre tema i faget?