Hopp til innhald
Oppgåve

Argument om informasjonskløfter

Kva rolle speler media når det gjeld informasjonskløfter, og korleis kan dette påverke samfunnsdebatten? Arbeid åleine og i grupper med argumentasjon om informasjonskløfter.

Media speler ei avgjerande rolle når det gjeld informasjonskløfter i samfunnet vårt. Viss nokre grupper ikkje får tilgang til informasjon, kan det hindre dei i å vere med på viktige avgjerder. Det kan få konsekvensar for demokratiet.

Oppgåve: Finn argument om informasjonskløfter

1) Ta utgangspunkt i spørsmålet:

På kva måte kan media skape, forsterke eller minske informasjonskløfter i samfunnet?

Del spørsmålet opp i tre underspørsmål, og skriv ned argument for kvart av dei:

  1. Korleis kan media skape informasjonskløfter?

  2. Korleis kan media forsterke informasjonskløfter?
  3. Korleis kan media minske informasjonskløfter?

2) Diskuter munnleg i grupper

  1. På kva måte kan media skape, forsterke eller minske informasjonskløfter i samfunnet? Bruk skjemaet med argument frå oppgåve A som utgangspunkt for refleksjonen.

  2. Korleis kan informasjonskløfter representere eit demokratisk problem?

3) Samanfatt i klassen

Til samanfattinga kan du bruke Samtavla frå Universitetet i Oslo.

Relatert innhald