Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering av emnet medieutvikling 3

Kva er digitale skilje og informasjonskløfter? Og korleis kan du kontrollere og avgrense kva slags informasjon media samlar inn om deg? Sjekk kva du kan om medieutvikling.

Har du forstått?

Kan du svare ja på utsegnene nedanfor, har du fått med deg det viktigaste frå emnet medieutvikling 3:

  • Eg kan forklare kva digitale skilje og informasjonskløfter er.

  • Eg forstår kvifor digitale skilje og informasjonskløfter kan vere eit demokratisk problem.

  • Eg har kunnskap om ulike måtar media kan skape, forsterke eller minske informasjonskløfter i samfunnet.

  • Eg kan forklare kva som ligg i omgrepet digitalt utanforskap.
  • Eg veit forskjellen på stordata og algoritmar.
  • Eg har kjennskap til kva som er føremålet med å bruke stordata og algoritmar.
  • Eg veit korleis eg kan kontrollere og avgrense kva slags informasjon media samlar inn om meg.

Sentrale omgrep