Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Facebooks tilsynsråd

I denne oppgåva skal du sjå nærare på Facebooks etiske tilsynsråd gjennom å diskutere, reflektere og skrive fordjupingsoppgåve.
Eit forstørringsglas blir halde over Facebook-logoen på ein PC-skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Facebook er ein sentral og viktig plattform for ytringsfridom og offentleg debatt. Milliardar av aktive brukarar over heile verda publiserer innlegg på plattforma. Men ikkje alt er lov å dele. Nokre innlegg bryt med lovverk og retningslinjer og blir fjerna frå Facebook.

Kva er Facebooks tilsynsråd?

Facebooks tilsynsråd (Facebook Oversight Board) fungerer som eit fagleg og etisk råd som vurderer spørsmål om ytringsfridom, og set grenser for kva Facebook kan og ikkje kan publisere.

Tilsynsrådet er sett saman av 40 menneske frå heile verda og tek bindande avgjerder som Facebook må rette seg etter.

Oppgåve 1

Les den relaterte teksten og svar på spørsmål.

Relatert innhald

  1. Kva er formålet med Facebooks tilsynsråd?

  2. Kva mynde har rådet?

  3. Korleis er tilsynsrådet sett saman?

  4. Kven finansierer tilsynsrådet?

  5. Kvifor er sjølvstende viktig for funksjonen til rådet?

Oppgåve 2

Gjer research og set deg inn i ulike sider ved Facebooks tilsynsråd. Søk etter aktuelt stoff på nettet og i sosiale medium.

Tips til bakgrunnsartiklar:

Diskuter spørsmåla i små grupper.

  1. Kva tenker de om at eit etisk råd på 40 menneske skal bestemme kva milliardar av menneske har lov til å ytre seg om?

  2. Peik på positive og negative sider ved Facebooks tilsynsråd.

  3. På kva måte kan dette etikkrådet verne om ytringsfridommen?

  4. Tilsynsrådet kan berre behandle utvalde enkeltsaker. Vil tilsynsrådet kunne utgjer ein forskjell når innhald blir spreidd i rekordfart på plattformene til Facebook?

  5. Korleis kan mandatet til tilsynsrådet handhevast i ei digital verd der algoritmane stadig blir endra?

Oppgåve 3

Påstand: Facebook skriv frå seg ansvar for innhaldet på plattformene sine ved å opprette eit uavhengig tilsynsorgan.

  1. Lag ei liste med argument for og mot påstanden.

  2. Gå saman med ein medelev. Diskuter korleis dei ulike argumenta kan forsvarast og kritiserast.


Oppgåve 4

Skriv ei fordjupingsoppgåve.

Du skal skrive ei fordjupingsoppgåve som utforskar ei problemstilling knytt til Facebooks tilsynsråd. Du vel sjølv kva problemstilling du vil arbeide med. Vis til ulike kvalitetssikra kjelder i teksten din.

Relatert innhald

Problemstillinga seier kva du vil få svar på i ei undersøking. Ho bør vere fagleg relevant, aktuell, presis, forskbar og opne opp for drøfting.


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Konsekvensar av medieutviklinga